Vigra er ei øy i Giske kommune i Møre og Romsdal, rett nord for Ålesund. Øya er 20 km2 med 2037 innbyggjarar (2015).

Øya er flat og utan tre. Ho har jamn busetjing med éin tettstad, Roald, på nordvestsida av øya (1057 innbyggjarar 2023). Vigra har jordbruk og noko industri. På øya ligg Ålesund lufthamn Vigra. Det er bru- og tunnelsamband (Fv. 658) til Ålesund via Valderøy og Ellingsøya (Vigrasambandet).

Kart

Vigra
Vigra
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg