Viggo er eit mannsnamn frå cirka 1200. Det er ei latinisering som er gjort av den danske historikaren Saxo Grammaticus (†1220). Utgangspunktet for Viggo er det austnordiske Vigge som er kortform av namn på Vig- med tydinga ‘kamp, strid’, til dømes Vigfus.
Viggo
Personar med namnet Viggo
Kulturell bruk
- «Lille Viggo, vil du ride ranke?», song av H.C. Andersen.
Kjende personar med namnet Viggo
Eit utval personar med namnet Viggo, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Viggo Ullmann (1848–1910)
- Viggo Brun (1885–1978)
- Viggo Hansteen (1900–1941)
- Viggo Widerøe (1904–2002)
- Viggo Johannessen (1936–2012)
- Viggo Johansen (kringkastingsmedarbeider) (1949)
- Trond-Viggo Torgersen (1952)
- Viggo Hagstrøm (1954–2013)
- Carl-Viggo Hølmebakk (1958)
- Viggo Mortensen (1958)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 320 menn i Noreg som hadde Viggo som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Viggo.
Utvikling i bruk av namnet
Viggo var på topp 1945–1959. Det er svært få namn med denne lydstukturen (tostava namn på -o), og det er dermed ikkje mogleg å fastslå om namn av denne typen har ein eigen kurveprofil.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Viggo var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Wiggo.)
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.