Faktaboks

Vidar Lund
Fødd
12. februar 1974, Levanger, Trøndelag

Vidar Lund er bibliotekar og leiar av Norsk Bibliotekforening.

Bakgrunn

Vidar Lund er fødd i Levanger i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han er utdanna bibliotekar frå Høgskolen i Oslo (1993–2002) (no OsloMet).

Karriere

Bibliotek

Lund var biblioteksjef ved Sør-Varanger bibliotek i 2003–2007 og leiar av sørviskontoret i kommunen i 2007–2008. Deretter vart han tilsett som biblioteksjef i Time kommune i 2008–2011. Han var fylkesbiblioteksjef i Rogaland fylkeskommune i 2012–2015 og samstundes seksjonssjef for allmenn kultur i 2013–2015. Lund var biblioteksjef ved Levanger bibliotek i 2015–2020.

Norsk Målungdom og Noregs Mållag

Lund var medlem av sentralstyret til Norsk Målungdom (NMU) i 1993–95 og dagleg leiar i organisasjonen i 1995–96. Han arbeidde som organisasjonskonsulent i Noregs Mållag i 1999–2000. Lund var leiar av det største mållaget i Noreg, Bondeungdomslaget i Oslo, i 2000–2002. Han var leiar i Noregs Mållag ein periode i 2002.

Andre verv og stillingar

Lund har hatt mange tillitsverv, mellom anna i Noregs Ungdomslag. I perioden 1997–2000 var Lund økonomikonsulent for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Han var fylkessekretær for Senterpartiet i 2000–2002. Han var styreleiar i Norsk Barneblad frå 2006 og nestleiar i Norsk Bibliotekforening i 2006–2014. Han var elles aktiv i Varanger Mållag og har vore leiar både i Stavanger Mållag, Rogaland Mållag og Trønderlaget. Han var leiar av Finnmark Senterparti i 2006–2008, og han sat i rådet i Nynorsk kultursentrum for Noregs Mållag i 2014–2019. I 2020 blei han vald til ny leiar i Norsk Bibliotekforening.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg