Vidar Helgesen

Faktaboks

Vidar Helgesen
Født
21. november 1968, Bodø, Nordland
Vidar Helgesen i 2017.
Av /NTB.

Artikkelstart

Vidar Helgesen er jurist, diplomat, politikar frå Høgre og tidlegare statsråd i regjeringa Solberg ved Statsministerens kontor i 2013–2015 og ved Klima- og miljødepartementet i 2015–2018.

Bakgrunn

Vidar Helgesen er fødd i Bodø i Nordland og er oppvaksen på Nøtterøy (no Færder kommune) i Vestfold (no Vestfold og Telemark). Han tok vidaregåande skule i 1984–1987 i Tønsberg, var ferdig cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1998 og blei teken opp til Utanriksdepartementet sitt aspirantkurs i 1999.

Karriere

Helgesen var spesialrådgivar i Den internasjonale Raudekrossen i Genève i 1998–2001, arbeidde som advokatfullmektig i Oslo i 2001 og var generalsekretær i Det internasjonale institutt for demokrati og valassistanse (International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA)) i Stockholm i 2005–2013. Vidar Helgesen er frå 2021 direktør ved Nobelstiftinga i Stockholm. Frå 2018 var han spesialrepresentant for det internasjonale havpanelet for bærekraftig havøkonomi.

Politisk karriere

Vidar Helgesen i Stortinget, november 2015.
Vidar Helgesen
Av /NTB scanpix.

Helgesen var medlem av sentralstyret i Unge Høgre i 1989–1991, og han var nestleiar i Oslo Unge Høgre. Han blei tidleg sterkt engasjert i kampen for norsk EU-medlemskap og leia i 1994 Høgre sitt arbeid for eit ja-fleirtal ved folkeavstemminga. Han var statssekretær for statsråd Jan Petersen i Utanriksdepartementet i 2001–2005 i Kjell Magne Bondevik si andre regjering. Der var han særleg engasjert i det norske arbeidet med å skape fred på Sri Lanka.

Helgesen var statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor i 2013–2015 i regjeringa Solberg, med ansvar for EØS- og EU-saker. Frå desember 2015 til januar 2018 var han klima- og miljøminister. Helgesen gjekk av som statsråd då Venstre gjekk inn i regjeringa Solberg i januar 2018. Politisk har Helgesen vore særleg oppteken av menneskerettar, fredsmekling og flyktningproblem.

Andre verv

Helgesen har hatt fleire ulike verv, mellom anna var han medlem av styret i NGS (Norges Gymnasiastforbund) i 1987–1989, leiar for Operasjon Dagsverk i 1987–1988 og redaksjonssekretær i tidsskriftet Tidens Tegn i 1996–1998. Han har òg fleire internasjonale verv.

Utgjevingar

Han var redaktør for boka Grenser for politikk. Høyre som grensevakt? (1994), saman med Jan Tore Sanner og André Støylen, og Partiet, makten og staten (1995), som handlar om makta til arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg