Victoria er eit kvinnenamn som er laga til det latinske ordet victoria med tydinga ‘siger’.
Victoria
Kjende personar med namnet Victoria
Eit utval personar med namnet Victoria, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Victoria (britisk dronning) (1819–1901)
- Victoria Maria Benedictsson (1850–1888)
- Victoria (svensk dronning) (1862–1930)
- Victoria Bachke (1897–1963)
- Victoria de los Ángeles (1923–2005)
- Birgitte Victoria Svendsen (1957)
- Victoria Abril (1959)
- Marit Victoria Wulff Andreassen (1971)
- Victoria (Sveriges kronprinsesse) (1977)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Kvinnenamn på -ia og -ie – og med tre eller fire stavingar – har utanlandsk opphav. Dei har vore på topp rundt år 2000. I tillegg til Victoria og Viktoria gjeld dette til dømes Amalie, Amelie, Cornelia, Emilia, Emilie, Julia, Julie, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia, Sofia og Sofie. Den internasjonale stavemåten Victoria har sidan år 1900 vore 4,4 gongar meir brukt enn Viktoria. Dei var på topp samtidig (2000-04).
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.