Vibeke Hammer Madsen

Faktaboks

Vibeke Hammer Madsen
Født
27. oktober 1955, Oslo

Artikkelstart

Vibeke Hammer Madsen er ein norsk leiar med brei erfaring frå norsk næringsliv. Madsen var administrerande direktør i hovudorganisasjonen Virke frå 2002 til 2018.

Bakgrunn

Vibeke Hammer Madsen er utdanna radiograf frå Radiografhøgskolen i 1979 og arbeidde som produktsekretær i Agfa Gevaert i 1980–1983. Ho var organisasjons- og personalsjef i KS (Kommunenes Sentralforbund) i 1983–1993 og direktør i Statoil Marketing i 1993–2002. I 1999–2002 var ho partnar i PA Consulting Group, og frå 2002 til 2018 var ho administrerande direktør i hovudorganisasjonen Virke.

Hovudorganisasjonen Virke (fram til 2011 HSH – Handels- og Servicenæringas Hovudorganisasjon) er den nest største hovudorganisasjonen for næringslivet i Noreg og representerer meir enn 20 000 verksemder. Desse medlemsbedriftene utgjer meir enn 225 000 arbeidsplassar i ulike bransjar – innanfor handel, kunnskap, teknologi, reiseliv, service, helse, omsorg, utdanning, kultur og frivillig arbeid.

Madsen har hatt ei rekkje styreverv, og ho har mellom anna vore styreleiar i Virke Forsikring AS (frå 2011) og Virke Eiendom (frå 2015). Ho har vore styremedlem i Kværner ASA (frå 2011), VG (frå 2006), EuroCommerce, Polyteknisk Forening (frå 2015), og ho har vore nestleiar i representantskapet i Storebrand (frå 2004). Madsen har også representert Virke i kontaktutvalet til regjeringa og vore med i fagrådet til Civita.

Tidlegare har ho vore medlem av styra i Akastor ASA (2005–2011), Forskingsrådet (2008–2014) og Aker Solutions (2005–2011), nestleiar Norsk-Svensk Handelskammer (2007–2008) og styreleiar i Ungt Entreprenørskap Noreg (2003–2013). Ho har òg vore bystyrerepresentant i Oslo for Høgre og medlem av finanskomiteen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg