Faktaboks

Vibeke Fürst Haugen
Fødd
20. mai 1968, Oslo
Vibeke Fürst Haugen
Av /NRK.

Vibeke Fürst Haugen er ein norsk kringkastingsleiar som i mars 2022 blei utnemnd til kringkastingssjef (NRK) og etterfølgde Thor Gjermund Eriksen. Ho er den første kvinnelege kringkastingssjefen.

Bakgrunn

Vibeke Fürst Haugen blei utdanna cand. mag. ved Universitetet i Oslo i 1994, med faga filosofi og religionshistorie, litteraturvitskap og fransk mellomfag. Ho har dessutan leiarutdanning frå NHH i Bergen og Harvard University i USA.

Karriere i NRK

Fürst Haugen har arbeidd i Norsk Rikskringkasting sidan 1994, først som programsekretær, deretter mellom anna som prosjektleiar og programutviklar. Ho har hatt ei rekkje leiarstillingar, mellom anna som redaktør for NRK Super 2007–2009. Ho var frå 2014 til 2022 direktør for Marienlystdivisjonen, som omfattar dei fleste programområda og tel rundt 1000 tilsette.

Vibeke Fürst Haugen var i 2019 vikarierande kringkastingssjef, og har på vegner av NRK-leiinga mellom anna fronta krevjande personalsaker.

Fürst Haugen er leiar for representantskapet i dei årlege Nordiske Mediedager. Ho er frå 2023 styremedlem i Norsk Redaktørforening.

Utmerkingar

I 2015 blei Fürst Haugen kåra til «årets kvinnelege medieleiar» av Medienettverket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg