Vetle er eit mannsnamn som har omdiskutert opphav. Det er mogleg at det går tilbake til det norrøne ordet vetr-liði som tyder ‘årsgammal bjørn’ (eigentleg ‘bjørn som har levd éin vinter’, jamfør det norrøne vetr).

Namnet har fleire variantar: Velle, Vetle, Wetle.

Namnedag er 1. november. Veslemøy har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Vetle

Kulturell bruk

  • Barneboka «Vetle og Vilde i Vetteskogen» (1995) av Ingunn Mosberg.

Kjende personar med namnet Vetle

Eit utval personar med namnet Vetle, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 149 menn i Noreg som hadde Vetle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 156 gutar som fekk namnet Vetle, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Mens dei fleste namna på -e hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, er det berre namn som desse som har vore på topp etter 1990: Brage, Brede, Sigve, Sindre, Snorre, Sondre, Vetle og Ådne.

Utvikling i bruk av namnet Vetle frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Vetle frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Vetle på 1800-talet.

Vetle var eit spesielt namn for Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Vetle på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Vetle var eit spesielt namn for Telemark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Wetle.)

Historisk bruk av namnet Vetle
Historisk bruk av namnet Vetle
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].[/li][li]
  • Magnússon, Ásgeir Blöndal 1989: Íslensk ordðsifjabók. Reykjavik
  • Pálsson, Hermann 1981: The name Somhairle and its clan.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg