Faktaboks

Innbyggjartal
2555 (SSB, 2023)
Landareal
2,1 km²
Tettstadsnummer
6182 Vestnes

Vestnes er ein tettstad i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,1 km², og har 2555 innbyggjarar (2023).

Vestnes er administrasjonssenter i Vestnes kommune. Tettstaden ligg vest for munninga av Tresfjorden, på båe sider av Vestnesstraumen som frå Tresfjorden fører inn til den tre km lange og 1 km breie bukta Flatevågen.

Vestnes kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1872, er den tredje kyrkja på staden; den fyrste var ei stavkyrkje som vart riven i 1680.

Vestnes har bilferje til Molde frå Furneset, tre km nord for tettstaden (E 39). E 136 (Dombås-Åndalsnes-Ålesund) går i bru over Tresfjorden sør for tettstaden.

Kart

Vestnes
Vestnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg