VestnesAvisa

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

VestnesAvisa er ei lokalavis for Vestnes kommune i Møre og Romsdal, skipa i 1989.

VestnesAvisa kom med første nummeret som abonnementsavis 26. juli 1989. Før den tid hadde avisa eksistert som gratisavis i om lag fem år. VestnesAvisa AS er eigar av avisa. Avisa vert prenta ved Polaris Trykk i Ålesund.

Avisa, som kjem ut ein gong i veka, dekkjer både små og store hendingar i nærmiljøet i Vestnes. Ho er redigert både på bokmål og nynorsk. VestnesAvisa er også medlem av organisasjonen Landslaget for lokalaviser.

Olav Hole var redaktør for avisa frå 1989 til 2011. Frå 2019 er Torstein Sønstabø redaktør.

I 2019 var opplagstalet 1497 for papiravisa og 23 for digitale abonnement og utgåver.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg