Vestlandsnytt

Redaktør Olav Aurvoll under parafinlampa i ein kjellar. Typisk for dei fleste små lokalavisene på den tida var at dei nytta enkel teknologi, dvs. produserte avisene sine med enklare hjelpemiddel enn det som var tilgjengeleg. Til liks med mange andre små aviser blei Vestlandsnytt sett for hand og sendt til trykking opptil fleire mil frå utgjevarstaden. Vestlandsnytt blei den førstetida sendt til trykking i Ålesund. Arbeidet med avisa kravde mykje dugnadsarbeid, både av familien og andre. Seinhaustes 1935 fekk dei sitt eige prenteverk, men det var handdrive. Etter vel eit år fekk dei knyte seg til eit straumaggregat som skaffa lys og drivkraft.

Olav Aurvoll
Vestlandsnytt.
Vestlandsnytt logo
Vestlandsnytt.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Vestlandsnytt, dagsavis i Fosnavåg, grunnlagt 1935, kjem ut to gonger i veka. Lokalavis for Herøy og Sande kommuner. Eigar Polaris Media. Redaktør: Endre Vorren.

Avisens opplagstall i 2016 var 4320 for papiravisen og 103 for salg av digitale abonnementer og utgaver (Mediebedriftenes Landsforening).

Vestlandsnytt er den nest største bygdeavisa i Møre og Romsdal, berre slått av Møre-Nytt i Ørsta.

Historie

Herøy fekk si lokalavis i 1935. Denne avisa var i høg grad eit produkt av innsatsen til ein avisgründar, Olav Aurvoll. Han kom frå nabokommunen Sande og var frå ungdommen av fast bestemt på å starte ny avis, same kor. Valet fall til slutt på Fosnavåg, kommunesenteret i Herøy, og prøvenummeret av den nye avisa Vestlandsnytt kom ut 11. januar i 1935. Forutan Herøy skulle avisa også dekkje nabokommunane Sande og Rovde (sistnemnde er no ein del av Vanylven kommune).

Redaktør Aurvoll satsa på lokalstoff , men også på variert stoff frå Noreg og utlandet, og ikkje minst allment opplysningsstoff. Den første tida blei avisa trykt i Ålesund, og det tekniske utstyret var enkelt. Men avisa slo an, og opplaget har auka jamt og trutt heilt til på 2000-talet. Men at ei lokalavis blir populær, vil ikkje seie at ho er lett å gje ut. Også denne avisa måtte slite. Ho har vore avhengig av dugnadsinnsats og kunne stoppe heilt opp i periodar.

I 1951 forlét Aurvoll Herøy og drog til Rosendal i Hardanger for å starte lokalavisa Grenda der. Dei som overtok var forfattaren Bjarne Rabben og den unge skulemannen Frantz G. Frantzen. Like etter drog Frantzen til Volda for å ta lærarutdanning. Då han kom tilbake til heimstaden, tok han på seg ansvaret med å gje ut og redigere avisa, og gav avkall på læraryrket. Men avisa sleit, og det var full stopp i nesten heile 1956, før avisa igjen kom i eit nokonlunde normalt lege. Men helsa til redaktør Frantzen skranta, og han døydde i 1976, berre 49 år gammal.

Då stod sonen, Fred Frantzen, klar til å overta, 24 år gammal. Han var også ein svært god fotballspelar, og han var i 1980 med på å spele det lokalelaget Bergsøy opp i nest øvste divisjon. Då kunne han truleg ha spelt på eit endå høgare nivå, men han valde å bli heime og halde fram med redaktørgjerninga. Som andre lokalaviser var også Vestlandsnytt med på den rivande tekniske utviklinga dei siste tiåra: fotosats, offset, tabloidformat og datateknologi i heile produksjonsprosessen og administrasjonen.

I 1987 blei Fred Frantzen avløyst av Jann Flatval. Franzen var fortsatt eigar fram til Sunnmørsposten kjøpte alle aksjene i 2017. Dermed blei Vestlandsnytt del av konsernet Polaris Media. Då Flatval gjekk av med pensjon tok Endre Vorren over som redaktør. Avisa fikk nettversjon i 2018.

Fakta

  • Fyrste nr. 11.1.1935, fyrste red. Olav Aurvoll.
  • Førebels siste nr. 20.6.1942.
  • Fyrste nr. etterkrigen 16.5.1945–31.12.1955.
  • Starta opp att 23.1.1957

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg