Vestnytt er ei lokalavis for Øygarden, med kontor på Straume. Avisa vart grunnlagt i 1988 og kjem ut i papirformat to gonger i veka og elles som nettavis. Vestnytt har frå hausten 2023 Polaris Media som majoritetseigar. Vestnytt har tett samarbeid med Askøyværingen, mellom anna med felles redaktør.
Vestnytt (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- VESTNYTT AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Straume
- Dagleg leiar
- Anita Sandal
- Styreleiar
- Marit Kalgraf
Digitalt
Vestnytt publiserer både på nett og papir, og nyttar betalingsmur for andre enn abonnentar. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og på digitale plattformer er 15 105 (4. kvartal 2023), ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Det første nummeret av Vestnytt kom i 1988, etter at dei tidlegare lokalavisene Sotranytt og VestGula hadde vorte lagt ned. Geir Magnus Nyborg var den første redaktøren. Det var lokale interessentar som stod bak, men i 2008 vart Vestnytt overteken av Bergens Tidende, og frå 2012 av Schibsted. I 2023 selde Schibsted 51 prosent av aksjane til Polaris Media.
Avisa dekkjer dei tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden, som i dag utgjer Øygarden kommune. Innhaldet er både på nynorsk og bokmål, nokså jamt fordelt.
Opplag
Opplagstall for Vestnytt, 1990-2022
1990 | 4314 |
---|---|
1991 | 4600 |
1992 | 4722 |
1993 | 4905 |
1994 | 4949 |
1995 | 5435 |
1996 | 5737 |
1997 | 5884 |
1998 | 6199 |
1999 | 6175 |
2000 | 6037 |
2001 | 5886 |
2002 | 5720 |
2003 | 5774 |
2004 | 5838 |
2005 | 6064 |
2006 | 6022 |
2007 | 6143 |
2008 | 6176 |
2009 | 6162 |
2010 | 6069 |
2011 | 6053 |
2012 | 5948 |
2013 | 5914 |
2014 | 5718 |
2015 | 5276 |
2016 | 4972 |
2017 | 5390 |
2018 | 6184 |
2019 | 6910 |
2020 | 7204 |
2021 | 7382 |
2022 | 7312 |
- 2016: 4876
- 2020: 7204
- 2021: 7382
- 2022: 7312
- 2023: 7142
Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nr. av Vestnytt kom ut i 1988
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.