Veslemøy Haslund

Faktaboks

Veslemøy Haslund

Veslemøy Margaret Haslund

Født
8. april 1939, Oslo
Død
7. november 2005
Av /Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Veslemøy Haslund var forfattar, dramatikar, skodespelar og sceneinstruktør. Ho spela eit mangfald av roller ved ei rekkje teaterinstitusjonar og på film, og ho skreiv manus til dokketeater og musikkteater.

Bakgrunn

Veslemøy Margaret Haslund var fødd i Oslo. Haslund har arbeidd som både har arbeidde som både skodespelar, omsetjar, dramatikar, regissør og manusforfattar for mellom anna Det Norske Teatret, Den Nationale Scene og Nationaltheatret.

Scene

Ho debuterte i 1959 i Five Finger ExerciseTrøndelag Teater, der ho var tilsett til 1961. Etter dette var ho tilsett ved Det Norske Teatret i 1961–1965, Fjernsynsteatret i 1965–1969, Nationaltheatret i 1969–1984 og frå 1985 ved Teater Ibsen.

Veslemøy Haslund spela tittelrolla i An-Magritt av Johan Falkberget, vidare Olina og Hønse-Lovisa i Ungen av Oskar Braaten, og Vera i Bleikeplassen av Tarjei Vesaas. Ho var sentral i Nationaltheatret si oppsøkjande verksemd i 1970-årene. På Teatret på Torshov gjorde ho inntrykk blant anna i Kong Ubu, Richard 2, Johan uten land og De ville svanene. Ho iscenesette Bjørg Vik sitt stykke To akter for fem kvinnerDen Nationale Scene.

Film og TV

Haslund hadde sin filmdebut i 1967 i Knut Bohwim sitt stykke Det største spillet, og seinare hadde ho sentrale roller i ei rekkje norske filmar, blant anna Bare et liv (1968) av Sergej Mikaelyan, Under en steinhimmel (1974) av Knut Andersen, Vårnatt (1976) av Erik Solbakken, Formynderne (1979) av Nicole Macé og Kristin Lavransdatter (1995) av Liv Ullmann. I 1999–2000 medvirka ho i TV-serien Familiesagaen De Syv Søstre.

Manusarbeidet

Haslund har skrive teatermanus både på bokmål og nynorsk, og som skodespelar har ho framstilt karakterar med mange ulike dialektar. I hennar eigne verk spelar det eventyrlege og fantastiske ei stor rolle, med vekt på humor, fabulering og overraskande poeng. Ho debuterte med eige teatermanus i 1996 med eventyrspelet Trollets hjerte, der ho leikar seg med dei gamle rolleforventningane og utfordrar eventyrtradisjonen. I 2002 skreiv Haslund om livet til ein legendarisk felespelar, Ei fantastisk forteljing om felemannen Fykerud, som vart framført som musikkteater ved Teater Ibsen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg