Verna er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Verner. I nokre tilfelle kan Verna også gå tilbake til det latinske adjektivet vernus med tydinga ‘som har med våren å gjere’.

Namnet har fleire variantar: Verna, Werna.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Verna Christie fødd 1859 i Bergen. Werna Gerhardsen (1902–1970), gift med Einar Gerhardsen, hadde etternamnet Koren Christie før ho gifta seg. Det er slektskap mellom henne og den fyrste med namnet Verna.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Verna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg