Faktaboks

Vera Lengsfeld

Vera Wollenberger

Fødd
4. mai 1952, Sondershausen, DDR (nå i Tyskland)
Vera Lengsfeld
Vera Lengsfeld
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 3.0

Vera Lengsfeld er ein tysk politikar og forfattar, tidlegare borgarrettsaktivist i Aust-Tyskland (DDR).

Aktivisme i DDR

Lengsfeld voks opp i ein regimetru familie, far hennar var tilsett i tryggingspolitiet Stasi. Ho studerte filosofi ved Humboldt-universitetet og fekk seinare jobb i Akademie der Wissenschaften, DDRs vitskapsakademi. Ho melde seg inn i kommunistpartiet SED alt i studiedagane.

I 1981 skreiv ho under på eit opprop mot sensur av forfattarar i DDR. Same haust var ho med på å grunnleggje fredsgruppa Pankower Friedenskreis (Fredskrinsen i Pankow), som var knytt til kyrkja i Berlin-bydelen Pankow. Gruppa arbeidde med freds- og miljøpolitikk. Stasi meinte alt frå oppstarten at gruppa dreiv med samfunnsskadeleg verksemd, og sette difor store krefter inn på å motarbeide Pankower Friedenskreis.

Lengsfeld var også engasjert i andre borgarrettsinitiativ, slik som kyrkjegruppa Kirche von Unten (Kyrkje nedanfrå) og Umwelt-bibliothek (Miljøbiblioteket). I 1983 vart ho ekskludert frå partiet fordi ho protesterte mot utstasjonering av sovjetiske atomrakettar i DDR. Samtidig fekk ho også yrkesforbod, slik at ho ikkje kunne få arbeid ho var kvalifisert for i DDR. Ho byrja difor å studere teologi. Ved DDR-valet i mars 1990 stilte ho som kandidat for DDRs grøne parti, og vart vald inn i parlamentet.

Privatliv

Sommaren 1981 møtte ho matematikaren Knud Wollenberger. Dei gifta seg same år, og Vera tok etternamnet hans. Dei fekk to barn saman. Ektemannen var også svært aktiv i borgarrettsrørsla. Etter at Berlinmuren fall, og arkivet etter Stasi vart opna, vart det kjent at Knud Wollenberger hadde vore informant for Stasi sidan 1972. Frå 1982 hadde han jamleg levert rapportar om kona si. Som følgje av avsløringane om ektemannens Stasi-samarbeid skilde ho seg frå Knud Wollenberger i 1992 og tok tilbake sitt gamle etternamn.

Etter 1990

Ved det første forbundsdagsvalet etter gjenforeininga av Tyskland i desember 1990 vart Lengsfeld vald inn i forbundsdagen som representant for DDRs grøne parti. Ved forbundsdagsvalet i 1994 vart ho attvald, denne gongen som representant for partiet Die Grünen (Dei Grøne), som i mellomtida hadde slått seg saman med den grøne rørsla frå DDR.

I 1996 melde Lengsfeld seg ut av forbundsdagsfraksjonen til Die Grünen og inn i det kristenkonservative CDU. Utmeldinga skjedde i protest mot at Die Grünen diskuterte mogleg samarbeid med partiet PDS, partiet som var ei vidareføring av DDRs kommunistparti SED. Ved forbundsdagsvala i 1998 og i 2002 vart ho vald inn som representant for CDU. I 2005 takka ho nei til attval. I 2009 stilte ho på nytt til val for CDU, men klarte ikkje å få nok røyster til å sikre seg plass.

I dag er Lengsfeld forfattar og føredragshaldar, busett i Berlin.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg