Vera er eit kvinnenamn som kjem av det russiske substantivet vera som tyder ‘tru’. I ettertid har Vera vorte sett i samanheng med det latinske adjektivet ver-us/-a som tyder ‘sann’.

Namnetrekløveret «Faith, Hope, Love» («tru, von og kjærleik» i Bibelen) kan vere laga etter mønster av det tilsvarande «Vera, Nadezhda, Ljubov» i russisk.

Namnet har fleire variantar: Vera, Wera.

Namnedag er 4. februar. Veronika har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Vera

Kulturell bruk

  • Vera i den russiske forfattaren Mikhail Lermontovs «Vår tids helt» (1840).
  • Vera i «Bleikeplassen» (1946) av Tarjei Vesaas.

Kjende personar med namnet Vera

Eit utval personar med namnet Vera, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 246 kvinner i Noreg som hadde Vera som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 36 jenter som fekk namnet Vera.

Utvikling i bruk av namnet

Frå 1930 til 1990 var tostava namn på -e gjennomgåande meir populære enn dei på -a, til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette og Tove. Men dette gjeld ikkje nokre få namn på -a som kan sjåast på som unntak frå dette allmenne mønsteret: Eva, Laila, Linda, Mona, Pia – og dei russiske Aina, Anja, Nina, Sonja, Tanja og Vera. I den siste gruppa høyrer altså Vera til.

Utvikling i bruk av namnet Vera frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Vera frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg