Vemund er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Vé-mundr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘heilag stad’ og etterleddet ‘vern; vernar’.

Namnedag er 29. desember. Vidar har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 135 menn i Noreg som hadde Vemund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 30 gutar som fekk namnet Vemund.

Utvikling i bruk av namnet

Vemund er blant dei få samansette nordiske namna som fekk toppfasen sin så seint som i 1980- og 1990-åra. Andre døme er Erlend, Vebjørn og Åsmund.

Utvikling i bruk av namnet Vemund frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Vemund frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg