Velle Espeland

Faktaboks

Velle Espeland

Velle Nils Espeland

Født
6. juli 1945, Sør-Fron, Innlandet

Velle Espeland er skribent, teikneserieomsetjar og dagleg leiar i Norsk visearkiv. Han har gjort spøkjelse til ein av spesialitetane i dei folkloristiske arbeida sine.

Bakgrunn

Velle Nils Espeland er fødd i Sør-Fron i Oppland (no Innlandet). Etter examen artium ved Gudbrandsdal gymnas (1964) studerte han folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo. I 1974 leverte han avhandlinga «Folkesong i Bjerkreim» for magistergraden. Same året vart han tilsett ved Institutt for kulturstudier og underviste i perioden 1974–2003.

Folklore og kulturhistorie

Espeland har skrive og redigert bøker og artiklar om folkloristiske og kulturhistoriske emne. Eit gjennomgåande emne er spøkjelse og liknande skapningar, noko som vert belyst gjennom barneboka Den store boka om spøkelse (1999) og faktaboka Spøkelse. Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie (2002). Vidare har han omsett teikneseriar som Sprint og Spiralis, og har saman med broren, Gard Espeland, skrive tekst til julehefta Smørbukk og Tuss og Troll.

Espeland har vore dagleg leiar i Norsk visearkiv sidan sentret vart stifta i 1983. Her er interesseområda hans folkeviser, balladar og skillingsviser, og dessutan arbeidssongar og songar for barn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg