Vebjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Vé-bjǫrg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘heilag stad’ og etterleddet ‘berging’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Webjørg Melle fødd 1895 i Ørsta (Møre og Romsdal). Forleddet Ve- var brukt i to nylaga namn omtrent samtidig i Ørsta. Det andre var Vedis (1898).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vebjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg