Ungkar med dobbelseng (album)
.

Vassendgutane er eit countryband frå Åmdalen i Ørsta. Med humoristiske og uhøgtidelege tekstar på dialekt har Vassendgutane opplevd stor kommersiell suksess.

Etablering

Bandet vart skipa i 1996 av Sindre Aam (vokal, bass), Arthur Johan Bjørdal (vokal, akustisk gitar), Rune Brautaset (akustisk gitar, vokal), Ernst Brune (trekkspel), Henning Aarsæther (trommer) og Jan Ove Hovdenakk (elgitar). Den viktigaste inspirasjonskjelda deira er den norske countrymusikaren Teddy Nelson, og då Vassendgutane gav ut debutplata Pylse og konjakk i 2000, inneheldt ho berre to sjølvskrivne låtar, éin av Ivar Medaas, medan resten var av Nelson.

Utvikling

Gi clutch (2002) var alle songane sjølvskrivne, og Vassendgutane vaks frå eit lokalt fenomen til regionale heltar. Dei fleste platene vart selde på bensinstasjonar og på konsertar, og speleoppdraga spreidde seg utover Vestlandet og nedover i Gudbrandsdalen. I 2005 gav dei ut plate nummer tre, Ungkar med dobbelseng, og tittelsongen herifrå vart ein slager i heile landet, godt hjelpt av ein musikkvideo regissert av ein annan musikar frå Ørsta, Egil Olsen. Plata selde òg godt og låg på VG-lista i tre veker.

Gjennombrot

Trass i jamt over dårlege meldingar frå musikkritikarane og så godt som inga speling på landsdekkjande radiostasjonar, heldt Vassendgutane fram med å vekse. Med plata XO (2008) fekk dei endeleg sitt store nasjonale gjennombrot, og albumet låg på 1.-plass på VG-lista i to veker.

I 2011 kom Riskrem & entrekått, som òg gjorde det godt. Plate nummer seks, Festi ekje slutt (2012) er ei samling av dei største hitane deira, og fire nye låtar. Sidan har dei gitt ut albuma Hesteslepp (2013), Skru Opp!! (2015) og Du & Ej & Metoo (2018). Vassendgutane har selt til gull- eller platinaplate for alle albuma sine, og dei har til saman selt over 300 000 plater. Bandet gir ut alt på eige selskap.

Vassendgutane har òg gitt ut tre DVD-ar med konsertopptak: Live fra Rockefeller (2007), Live Treungen (2009) og Live 20 år. Seljord 2016 (2016).

Tematikk

Vassendgutane spelar humoristisk country med eit islett av dansebandmusikk, og dei har laga det nye ordet «festcountry» for å skildre musikken sin. Dei syng på åmdalsdialekt, og songane handlar ofte om festing, damer, bilkøyring, jordbruksmaskinar og ungkarsliv. Musikken er relativt enkel og fengjande country med steelgitar og trekkspel, og Vassendgutane spelar opp både til dans og vanlege konsertar, på eigne turnear og på festivalar. På sitt travlaste har bandet spela over hundre konsertar på eit år.

Riskrem & entrekått inneheldt uventa nok ein song med ein tydeleg politisk bodskap. «Greitt å vere neger» handlar om dobbelmoralen i eit land der skepsisen til utlendingar er stigande. Ein person med mørk hud er populær og godteken dersom han er ein god fotballspelar eller musikar, men ikkje dersom han er ein vanleg arbeidar.

Besetning

Sidan starten har fleire bandmedlemer slutta og andre har kome til. Besetninga består no av Aam, Bjørdal, Brautaset, Brune, Kim Erik Lillestøl (trommer, vokal), Frank Willy Utgård (elgitar, vokal), Alf Rune Melby (steelgitar) og Lars Egil Vågseter (steelgitar).

Utmerkingar

Vassendgutane fekk Ørsta kommunes kulturpris i 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg