Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Framsida av Varden 5. januar 1880.

Opplagstall for Varden, 1986-2022

1986 27429
1988 28180
1990 29567
1991 31144
1992 33298
1993 33973
1994 33833
1995 33176
1996 32878
1997 32986
1998 32438
1999 32112
2000 31389
2001 30663
2002 30670
2003 30695
2004 29518
2005 28799
2006 27856
2007 27341
2008 26091
2009 25474
2010 24730
2011 23723
2012 22465
2013 21476
2014 20237
2015 19436
2016 18452
2017 18687
2018 19577
2019 18857
2020 18497
2021 16814
2022 17199
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Varden er ei lokalavis som kjem ut i Skien, og dekkjer det tidlegare fylket Telemark. Avisa er eigd av Polaris Media ASA med 51 prosent og Agderposten Medier AS med 49 prosent. Varden knivar med Telemarksavisa om å vere størst i Skien.

Historie

Då Varden begynte å kome ut i desember 1874, skilde denne avisa seg radikalt frå dei andre avisene i fylket. Medan dei andre avisene var resultat av enkeltpersonar sine synspunkt og økonomiske interesser som reine boktrykkjarprosjekt, blei Varden stifta for å gi ei stemme til den aukande politiske og sosiale folkereisinga som fekk si organisatoriske tilknyting til Venstre.

Varden engasjerte seg raskt med til dels skarpe redaksjonelle synspunkt, mellom anna som forsvarar av allmenn røysterett. Lokalt støtta avisa sterkt utbygginga av Vestfoldbana og var tindrande klar i si støtte til arbeidarbefolkninga i bydelen Bakken i Skien, som stadig fekk flaumproblem etter oppdemming av Hjellevatnet.

Under valet mellom monarki og republikk i 1905 var den redaksjonelle linja til Varden glasklar: «Vore erfaringer af Kongedømmet er ikke gode; ti vi er foraadt baade af svenske og danske Prinser. Og Kongedømmet er i sig selv en Institution som al sund Fornuft gjør Indsigelse mod.» Medan resten av fylka i Noreg røysta for monarki, gjekk republikanarane av med sigeren i Telemark (dåverande Bratsberg amt). Varden kunne nok ta ein god del av æra for det.

Bortsett frå under andre verdskrigen, då avisa hadde ein redaktør innsett av NS, var Varden ei rein partiavis for Venstre fram til 1953. Men då partiet støtta dei såkalla «thagaardske prislover» om staten som regulerande instans for prisfastsetjingar, var denne «tvangslova» i så sterk strid med dei liberale tradisjonane i avisa at Varden gjekk over til å støtte Høgre. I 1954 kjøpte Varden forlagsretten til Fylkesavisen, som var ei Høgre-avis, og Rjukan Dagblad i 1967.

Konkurranse

På denne tida hadde Varden fått ein solid hovudkonkurrent. Telemark Arbeiderblad (TA) var i sterk vekst, og i slutten av 1970-åra var Telemarksavisa, som TA blei heitande, den største i fylket. TA heldt på forspranget fram til 1988. Då erobra Varden hegemoniet tilbake og har hatt det sidan, sjølv om forspranget ikkje er stort.

Eigarskap

Varden var styrt av lokale interesser fram til 1994. Då selde redaktør Bjørn Jacobsen og andre familiemedlemer aksjepostane sine til Orkla Media. Den harde aviskonkurransen mellom Varden og TA har halde fram med uforminska styrke. I 1991 var det rett nok forhandlingar mellom Varden og A-pressa om full overtaking av TA, men desse forhandlingane førte ikkje fram.

Varden blei seld vidare til Edda Media i 2006. Då Edda Media blei kjøpt opp av A-pressa i 2012, risikerte ein at det nye konsernet Amedia skulle bli sitjande med begge avisene i Skien, i strid med eigarskapslovgivinga. Resultatet blei at Agderposten i Arendal overtok Varden. Etter kvart gjekk Polaris Media ASA inn som deleigar, med 51 prosent, saman med Agderposten Medier AS, med 49 prosent. Varden har hatt nettavis sidan 1997 og tabloidformat frå 2001.

Opplag

År Opplag
2015 19 033
2020 18 497

Opplagstala frå 2015 gjeld papirutgåva. Frå 2020 vert det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Berner Hansen: Avis må til! En oversikt over aviser i Telemark fra 1830 til 1970. Skien 1970
  • Truls E. Nordby: Varden. Fra fjord til fjell gjennom 125 år. Porsgrunn 1999

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg