Valtýr Guðmundsson

Faktaboks

Valtýr Guðmundsson
Født
11. mars 1860, Skagaströnd
Død
22. juli 1928, København

Valtýr Guðmundsson var ein islandsk politikar og kulturhistorikar.

Valtýr vart dr.philos. ved Københavns universitet i 1889. Frå 1890 arbeidde han der som dosent, og frå 1920 til 1928 som professor.

Valtýr var alltingsmann i mange periodar mellom 1894 og 1913. Som politikar markerte han motstand mot islandsk sjølvstende frå Danmark, og han og partifellene hans vart kalla «Valtýingar».

I 1895 grunnla han tidsskriftet Eimreiðin (Lokomotivet), som han redigerte fram til 1918. Han skreiv ei rekkje artiklar og avhandlingar om islandsk kulturhistorie, språk og litteratur.

Valtýr Guðmundsson vart riddar av Dannebrogsordenen i 1904.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Páll Eggert Ólason 1948–52. Íslenzkar ævisskrár frá landnámstímum til ársloka 1940, I–V. Reykjavík: Hið íslenzka bókmenntafélag. V,39–40.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg