Vally er eit kvinnenamn som er kjæleform av Valborg, Valerie og Valentine.

Vally er truleg lånt frå tysk eller engelsk, men kan også ha oppstått i norsk uavhengig av desse språka, som Svanny av Svanhild.

Namnet har fleire variantar: Vally, Wally.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Vally Meyer fødd 1824 i Kristiania, busett i Trondheim i 1865. Før ho gifta seg, hadde ho etternamnet Sørensen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 340 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vally som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 1991: Frå [Dagny] og [Jenny] til [Bjørgny] og [Perly]. Nye kvinnenamn på -[y] etter mønster av namn med liknande struktur i norrønt og engelsk. I: Gordon Albøge, Eva Villarsen Meldgaard og Lis Weise (red.): [Analogi i navngivning]. NORNA-rapporter 45.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg