Faktaboks

Valgerd Svarstad Haugland
Fødd
23. august 1956, Kvam, Hordaland
Verke
Politiker
Familie

Foreldre: Rektor Nils Hægeland Svarstad (1918–2005) og Hanna Øystese (1918–2016).

Gift 1982 med advokat Geir Haugland (f. 6.7.1951), sønn av sjåfør Olav Ingemann Haugland (1920–2013) og Borghild Metelly Bøe (1917–).

Valgerd Svarstad Haugland
Valgerd Svarstad Haugland er statsforvaltar (tidlegeare kalla fylkesmann) i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Her frå eit arrangement 28. september 2016, da ho la fram forslag til kommunestruktur i nye (no avvikla) Viken fylke.
Valgerd Svarstad Haugland
Av /NTB scanpix.

Valgerd Svarstad Haugland er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF). Ho var den fyrste kvinnelege partileiaren i Kristeleg Folkeparti 1995–2004. Ho var stortingrepresentant for Akershus 1993–2005, statsråd 1997–2000 og 2001–2005 og fylkesmann/statsforvaltar sidan 2011.

Bakgrunn

Valgerd Svarstad Haugland er fødd i Kvam i Hordaland (no Vestland). Ho har lærarutdanning frå Alta lærarhøgskule (1975–1979), før ho tok kristendom grunnfag ved Menighetsfakultetet (1980) og statsvitskap mellomfag ved Universitetet i Oslo (1981–1982). Haugland har vore lærar ved Kristianslyst ungdomsskole (1983–1987) og Ringstabekk ungdomsskole (1987–1989). Ho var kyrkjeverje i Oslo kommune 2006–2011.

Politisk karriere

Valgerd Svarstad Haugland var nestleiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom 1979–1982, dagleg leiar for Kristeleg Folkepartis Kvinner 1989–1991, leiar for programkomiteen til Kristeleg Folkeparti 1991–1993, første nestleiar i KrF 1991–1995 og leiar i KrF 1995–2004.

Stortingsrepresentant og statsråd

Svarstad Haugland var vararepresentant til Stortinget frå Rogaland 1985–1989 og stortingsrepresentant frå Akershus 1993–2005. I Kjell Magne Bondeviks første regjering var ho statsråd i Barne- og familiedepartementet 1997–2000, og i Bondeviks andre regjering var ho statsråd i Kulturdepartementet i 2001 og statsråd i det nyoppretta Kultur- og kyrkjedepartementet 2002–2005.

Som partileiar ville Svarstad Haugland gjere Kristeleg Folkeparti til eit kristendemokratisk parti som appellerte ut over veljarkrinsen frå bedehusmiljøa. Ho hadde eit liberalt syn på område som familiepolitikk og likestillingspolitikk. Profilerte saker var å auke barnehageutbygginga og å styrkje barnevernet. Ei viktig oppgåve som barne- og familieminister var å innføre kontantstøtte til familiar som ikkje hadde barna sine i barnehage. Ho arbeidde òg for å endre likestillingslova i meir radikal retning.

Haugland fekk i 2003 mykje kritikk i samband med dei interne konfliktane i partiet og den dårlege valkampen til partiet og valresultat i 2003, og evalueringskomiteen i partiet kom med sterk kritikk av henne. Ho trekte seg deretter som partileiar på eit ekstraordinært landsmøte i januar 2004. Haugland vart renominert til Stortinget i 2005, men mista mandatet sitt i Kristeleg Folkepartis dårlege val.

Fylkesmann og statsforvaltar

I 2011 vart Haugland utnemnt til fylkesmann i Oslo og Akershus. I 2017 vart ho gjenutnemnd til embetet, som frå 2019 òg inkluderer Østfold og Buskerud. Frå 2021-2024 var tittelen til Valgerd Svarstad Haugland statsforvaltar i Oslo og Viken. Embetet fortsatte også etter fylkesoppløsinga i 2024, men endra da navn til statsforvaltar i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus

Utmerkingar

Svarstad Haugland vart kommandør av St. Olavs Orden i 2004 for tenesta som statsråd.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kobbeltveit, Olav: Valgerd: eit portrett, 2004

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg