Valfrid er eit nylaga kvinnenamn (1882) med Val- frå til dømes Valborg. Etterleddet -frid finst i mange kvinnenamn.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var telefonistinne Valfrid Nygaard fødd 1882 i Tønsberg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Valfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Daniel Tobias Johansen Langhoff

Dette er eit mannsnamn i Finland, og det er ein gut døypt «Hjalmar Valfrid» i Nordreisa i 1881 til kvenske foreldre.

https://www.digitalarkivet.no/kb20061213650494

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg