Valevåg er ei bygd i Sveio kommune i Vestland fylke og ligg på austsida av Bømlafjorden som er den ytre delen av Hardangerfjorden. Valevåg har 222 innbyggjarar (2023). I grenda ligg Valen kapell, ei lita og svært enkel langkyrkje i tre frå 1707. Valevåg er heimstaden til komponisten Fartein Valen.

Frå Økland, vel éin km sør for Valevåg, går tunnel under Bømlafjorden til Føyno i Stord kommune (Bømlafjordtunnelen); herfrå går bru vidare til Stord (E39) og Bømlo (fylkesveg 542, sjå Trekantsambandet).

Kart

Valevåg
Valevåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg