Faktaboks

VaksdalPosten
Offisielt namn
VAKSDALPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Dalekvam
Dagleg leiar
Esben Hesjedal
Styreleiar
Ida Therese Sætersdal
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

VaksdalPosten er ei lokalavis for Vaksdal og Modalen i Vestland. Ho kjem ut i papirformat på Dale kvar torsdag, og elles som nettavis. VaksdalPosten vart kjøpt av Amedia i 2024, etter å ha hatt eit nært teknisk og redaksjonelt samarbeid med Amedia sidan 2021. Avisa hadde då hatt eit tilsvarande samarbeid med Polaris Media Sør frå 2017.

Ansvarleg redaktør er Esben Hesjedal.

Historie

Vaksdal kommune, nordaust for Bergen, har i etterkrigstida hatt fleire lokalaviser, mellom dei Vaksdalsnytt i 1975, som vart starta av Harald Stanghelle og i 1977 overteken av lokale arbeidarpartifolk. Dei heldt det gåande til 1987.

Seinare same året, 10. september 1987, kom VaksdalPosten ut med det første nummeret. Det var ei gruppe næringsdrivande på staden som såg behovet for eit lokalt annonseorgan. Den redaksjonelle målforma er nynorsk.

Opplag

Opplagstall for Vaksdalposten, 1988-2023

1988 1871
1990 2448
1991 2387
1992 2106
1993 2460
1994 2313
1996 2176
1997 2373
1998 2389
1999 2348
2000 2392
2001 2392
2002 2408
2003 2409
2004 2282
2005 2397
2006 2395
2007 2405
2008 2339
2009 2326
2010 2306
2011 2270
2012 2250
2013 2253
2014 2295
2015 2273
2016 2183
2017 2200
2018 2177
2019 2233
2020 2198
2021 2265
2022 2233
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
  • 2017: 2200
  • 2018: 2177
  • 2019: 2233
  • 2020: 2198
  • 2021: 2265
  • 2022: 2233
  • 2023: 2084

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Faktaboks

VaksdalPosten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg