Kommunevåpen

. Begrenset gjenbruk

Plassering

KF-bok. Begrenset gjenbruk

Vågsøy er ein kommune i Sogn og Fjordane. Kommunen ligg på nordsida av Nordfjord, heilt ute ved kysten. Til kommunen høyrer øyane Vågsøy og Silda i Sildagapet og Husevågøy og Gangsøy som ligg ved munningen av Nordfjord. På fastlandet høyrer austsida av Ulvesundet og nordsida av Nordfjord austover til og med Maurstad med til kommunen.

Kommunen vart til i 1964 ved samanslåing av Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy og nordsida av Nordfjord. Øyane Husevågøy og Gangsøy vart overførte frå Davik til Vågsøy, og Silda vart overført frå Selje.

Vågsøy skal slåast saman med Flora kommune i forbindelse med regjeringa Solbergs kommunereform. Dette vart vedteken i Stortinget juni 2017. Den nye storkommuna skal heite Kinn og vert spesiell ved at Bremanger deler kommunen i to, og det vert ti mil mellom dei to nye kommunesentra Måløy og Florø.

Landskapet er bergfylt. Dei høgaste punkta er Synnevahornet på 689 meter over havet på fastlandet og Veten på 613 meter over havet på Vågsøy. Synnevahornet har namn etter Sankta Sunniva. Berggrunnen i Vågsøy består i hovudsak av gneis som tilhøyrer Gneisregionen. Fleire stader finst det mindre felt med olivin.

Busetnaden er ganske tett i Vågsøy, særleg ved Ulvesundet. Lengst søraust på Vågsøy ligg tettstaden og administrasjonssenteret Måløy med 3244 innbyggjarar (2014). Raudeberg med 655 innbyggjarar ligg seks kilometer nord for Måløy på Vågsøy, og er nest største tettstaden i kommunen. Tettstader elles er Bryggja med 325 innbyggjarar som ligg på fastlandet og lengst aust i kommunen. Holevik med 326 innbyggjarar ligg sør for Måløy på Vågsøy. Kommunen har stort sett hatt ein svak nedgang i folketalet heilt sidan 1960. I tiårsperioden 1996–2006 har det vore ein nedgang på 5,8 % mot 2,1 % for heile Nordfjord.

I 1997 vedtok Vågsøy kommunestyre at Måløy kan nytte nemninga by.

Fiskeri er ein viktig næringsveg, og kommunen er den klart viktigaste i fylket målt etter levert fangst (i 2004: 286 400 tonn, til ein verdi av 683 mill. kr). Viktigaste fiskeslag er makrell og sild. Industrien er i stor grad basert på fiskeri (fisketilverking, produksjon av mellom anna olje og fôrmjøl). I kommunen finst også fleire store fiskeeksportørar, som Domstein ASA og Coast Seafood. Også verkstadindustrien er i stor grad knytt til sjø og fiskeri.

I dei seinare åra er det etablert fleire teknologiverksemder. Kommunen har også skipa Måløy Vekst, eit selskap som arbeider svært aktivt for å fornye og utvikle industri og næring i kommunen. Næringsmiddel- og verkstadindustrien har høvesvis 50 % og 25 % av den samla sysselsettinga i industrien. Det meste av industrien ligg i Måløy, på Raudeberg og i Deknepollen.

Dei siste 30 åra har jordbruksdrifta gått kraftig tilbake i kommunen. Det er stort sett på Bryggja det i dag er eit levande og aktivt jordbruksmiljø. Jordbruket er heilt dominert av husdyrbruk (storfe og sau); berre 1 % av jordbruksarealet er åker og hage, og det blir ikkje dyrka korn. Dei aller fleste som driv jordbruk i kommunen, kombinerer det med anna arbeid som fiskeri, verkstadindustri, bygningsarbeid og transport.

I Måløy kjem avisa Fjordenes Tidende ut tre gonger i veka.

Hovudvegsambandet austetter er Rv. 15 Måløy–Stryn–Otta, som kryssar Ulvesundet med bru. Måløybrua er 1224 meter lang og stod ferdig i 1973. Frå Maurstad går Fv. 61 nordover til Ålesund, frå Almenningsfjellet går Fv. 618 nordover til Selje. Vegnettet på sjølve Vågsøy er relativt tett. Her går Fv. 617 mellom Måløy og Raudeberg. Denne vegen har vore rasutsett, men i oktober 2008 vart den 689 meter lange Skåratunnelen opna. Husevågøy har ferjesamband med Måløy. Dei andre øyane er veglause.

Måløy er fast stoppestad for Hurtigruten, og elles er det lokalbåtsamband med småøyane. To gonger dagleg går det ekspressbåt mellom Måløy og Bergen. Reisetida er 4,5 time. Ekspressbåten har fleire stopp undervegs, Leirgulen (Bremanger), Smørhamn (Bremanger) og Florø. Det er bilferjesamband fleire gonger dagleg mellom Måløy og Oldeide (Bremangerlandet; Rv. 616). Fleire godsruter med båt langs kysten stoppar i Måløy. 

Tre gonger i døgeret går det ekspressbuss langs Rv. 15 og E 6 mellom Måløy og Oslo. Næraste flyplassar er Sandane lufthamn, Florø lufthamn og Ålesund lufthavn på Vigra.

Måløy er eit viktig handelssenter. Kommunen har Måløy vidaregåande skule med eit breitt linjetilbod. Skulen ligg på fastlandet tre kilometer frå Måløy sentrum. I kommunen ligg Kråkenes fyr, Skongenes fyrUlvesund fyr og Hendanes fyr. Dei fire fyra er automatiserte, og Kråkenes, Skongenes og Ulvesund er i delar av året opne med kafédrift og tilbod om overnatting.

Vågsøy høyrer til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordfjordrådet saman med BremangerEid,GloppenHornindalSelje og Stryn.

Vågsøy kommune svarar til soknet Vågsøy i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrka.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Vågsøy til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

For statistiske føremål er Vågsøy kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 28 grunnkrinsar:

  • Nord-Vågsøy: Silda, Vedvik, Halsør, Røysa, Raudeberg, Kapellneset, Refvik, Kvalheim
  • Fastlandet: Ulvesund, Degnepoll, Kulen, Blålid, Skavøypoll, Sørpoll, Almenning, Totland, Bryggja, Maurstad
  • Sør-Vågsøy: Våge/Oppedal, Holvik, Sæternes, Ellingskaret, Skram øvre, Skram nedre, Midtgård søndre, Midtgård nordre, Gotteberg, Øyane i sør

Kommunevåpenet (godkjent 1987) har to skråstilte, sølvfarga ror mot ein blå bakgrunn. Dei symboliserer styring og at sjøen er viktig for kommunen.

Kommunen har namn etter øya Vågsøy. Fyrsteleddet er våg som tyder 'bukt' eller 'vik'.

  • Os, Edvard, red.: Selje og Vågsøy: Bygdene og bygdesamfunnet, 1957, Finn boka

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.