Faktaboks

Uwe Mundlos
Fødd
11. august 1973, Jena, DDR (nå i Tyskland)
Død
4. november 2011, Eisenach, Tyskland

Uwe Mundlos var ein tysk høgreekstrem terrorist, medlem av terrororganisasjonen Nationalsozialistischer Untergrund (NSU).

Bakgrunn

Uwe Mundlos vaks opp i bydelen Winzerla i Jena. Faren var professor i informatikk, mora var selgar. Som barn i DDR var han medlem av kommunistpartiets organisasjonar, først pionerene og sidan Freie Deutsche Jugend (FDJ).

Inn i høgreekstremismen

Uwe Mundlos vart ein del av Jenas høgreekstreme miljø alt i 1988, altså før DDR braut saman. I 1991 vanka han på ungdomsklubben Winzerclub, ein samlingsstad for byens nynazistar. Der vart han kjent med Uwe Böhnhardt og Beate Zschäpe, dei to andre NSU-terroristane. I 1996 møtte Uwe Mundlos og Uwe Böhnhardt opp i den tidlegare konsentrasjonsleiren Buchenwald i ei uniform som likna på uniforma til SA. Trass i at han var ein kjent nynazistisk aktivist, kom han inn i det tyske militæret frå 1994 til 1995. Her fekk han opplæring i våpenbruk.

I dekning

Etter eit bombeåtak i Jena i 1998 gjekk Mundlos, Böhnhardt og Zschäpe i skjul. Dei heldt seg i dekning for politiet fram til dei vart avslørt i november 2011. I åra 2000–2007 stod NSU bak ein drapserie. Ofra var åtte personar med tyrkisk bakgrunn, ein person med gresk bakgrunn og ei politikvinne. Alle drapa vart gjort med det same våpenet.

Avslørt

Politiet kom på sporet av NSU etter ei bankran i Eisenach utført av Mundlos og Böhnhardt 4. november 2011. Dei to tok livet av seg då dei vart omringa av politiet, i staden for å overgje seg. I bilen deira fann politiet fleire våpen, mellom anna tenestevåpenet til politikvinna som vart drept av NSU.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg