Norsk-amerikanar i arbeid
Mellom 1836 og 1915 utvandra godt og vel 750 000 nordmenn til Amerika. Biletet viser ein norskamerikanar i arbeid, ein gong mellom år 1890 og 1920.
Norsk-amerikanar i arbeid
Av /Norsk Teknisk Museum.

Mellom 1836 og 1915 utvandra over 750 000 nordmenn til Nord-Amerika. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring, rekna etter folketalet, og i Europa var det berre Irland som hadde ein større del av folket som utvandra. Det utvandra nesten like mange nordmenn i denne perioden som det budde i Noreg i 1801.

Faktaboks

Også kjend som

utvandringa fra Norge til Amerika, norsk emigrasjon til Amerika, norsk utvandring til USA

Utvandringa til Amerika byrja allereie i 1830-åra, men tok fart frå 1860-åra. Frå 1862 stod Amerika fram som det lova landet, då homestead-lova opna for eigedomsrett til jord for dei som innvandra frå Europa. Alle som ville busetje seg og drive jordbruk, fekk 650 mål til odel og eige. Avslutninga av borgarkrigen i USA gav nok òg impulsar til masseutflyttinga.

Dei store utvandringsbølgjene

Utvandring. Om bord på eit emigrantskip omkring 1870. Teikning.

.

Den første store utvandringsbølgja kom i kriseåra 1866–1873, då 111 000 nordmenn drog frå landet. Den neste store bølgja slo ut i åra 1880–1893, med over 250 000 utvandrarar. Det var nesten like mange som talet på innbyggjarar i norske byar i 1865. Den siste store utvandringsbølgja skjedde mellom 1900 og 1910, då 200 000 reiste. I denne siste perioden var det ei til dels sterk gjeninnvandring, der fleire tidlegare utvandrarar kom tilbake. Utvandringa likna då ei slags langpendling.

Tendensen til utvandring auka naturleg nok med dei dårlege tidene i Noreg, om tidene då ikkje var endå ringare i Amerika. I tråd med dette gjekk talet på utvandrarar ned i 1870-åra. I 1880 steig talet brått til 20 000 og kulminerte med 29 000 i 1882. Ikkje i noko anna år utvandra fleire enn då. I åra 1880–1883 utvandra nesten 100 000 nordmenn, noko som svarte til nesten tre firedelar av fødselsoverskotet.

I 1890-åra gjekk talet noko tilbake, særleg mot hundreårsskiftet, men så steig det att etter 1900. I 1903 var utvandringstalet oppe i 27 000 igjen, og fram til 1907 heldt det seg jamt over kring 20 000. Først etter 1910 kan vi seie at talet gjekk nedover, før ei fjerde noko mindre bølgje slo ut i 1920-åra.

Kven utvandra?

Henrik Jonas
Portrett av Henrik Jonas som emigrerte til Seattle, USA. Fleire i slekta hans emigrerte til Amerika.
Henrik Jonas
Av /Finnmark fylkesbibliotek.

Dei fleste hadde bygdebakgrunn

Norsk-amerikansk familie
I perioden 1865–1900 emigrerte over 400 000 nordmenn til Amerika. Biletet viser dei norskamerikanske utvandrarane John og Margret Bakken og dei to borna utanfor huset deira på prærien i Nord-Dakota i 1898.

Utvandringa til Amerika går inn som del av eit meir omfattande flyttemønster. Utvandring og indre vandringar er ulike sider av same sak. Utvandringsintensiteten steig klart i tider der flyttinga frå bygd til by gjekk ned – og omvendt. Det er fleire døme på at sterkt ekspanderande byar og bymessige strôk i første omgang «fanga opp» ein potensiell utvandringsstraum. I bystrôka kom det i same perioden nye jobbar i industrien. Når industrien gjekk dårlegare, auka utvandringa også frå byane. I andre fase av utvandringa (frå 1873) var det byane som dominerte i utvandringa.

Det var dei meir velståande på bygdene som prega utvandringa i startfasen og utetter. For husmenn og tenarar var indre flytting meir aktuelt i første omgang. I dei seinare fasane finn vi at utvandrarane frå til dømes Kristiania og Bergen var tidlegare innflyttarar frå bygdene. Vi kan dermed seie at dei tok utvandringa til Amerika etappevis.

Forholdet mellom utvandring og moderniseringa av jordbruket er innfløkt, sidan årsaker og verknader er fletta inn i kvarandre. Det er ikkje plent slik at utvandrarane vart drivne til Amerika av moderniseringa. Det er tale om eit vekselspel. Like gjerne kan vi nemleg seie at utvandringa i seg sjølv var ei drivkraft i moderniseringa. Utvandringa tok bort dei store reservane av arbeidskraft som det gamle jordbruket var tufta på. Overskotet av arbeidskraft vart til underskot. Dermed tvinga rasjonaliseringa seg fram.

Utvandringsmotiv og innvandringsintensitet

Amerikakoffert
Amerikakoffert som tilhøyrde den norske emigranten Mathias Rasmussen Hole (1877–1962), som reiste til USA første gong i 1901. På kista heng ein passasjerlapp frå ein tur han tok frå USA til Noreg – med skipet DS Stavangerfjord frå New York til Bergen i 1952.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Der mange hadde utvandra før, var det fleire som lét seg lokke etter; men med store lokale og regionale variasjonar. Tidspunktet og styrken i utvandringa kan nok forklarast ut frå lokale forhold, som tilgang til arbeid, modernisering av landbruket og folketalsvekst. Derimot ser utvandringsmotiva ut til å ha vore av meir allmenn karakter. Toppar og botnar er nemleg dei same for einskildområde som for landet sett under eitt. Var først straumen komen i gang, synest han å følgje landsgyldige lover.

Særleg i den første fasen (1866–1873) var utvandringa eit bygdefenomen. Også i den andre fasen (1880–1893) dominerte bygdene reint talmessig. Men vi skal merke oss at byane frå 1870-åra relativt sett gav frå seg mest folk. Byutvandringa knyter seg i særleg grad til handverk og sjøfartsnæring og omfatta i særleg grad Kristiania, og i tillegg dei kriseramma sørlandsbyane og Stavanger. I den siste fasen (1900–1910) var utvandringsintensiteten igjen størst på bygdene.

Vi skal merke oss at utvandringa i startfasen gjekk for seg i eit førindustrielt samfunn. Tyngda av bygdeutvandringa kom aller først frå dei indre stroka på Vestlandet og dei øvre fjell- og dalbygdene på Austlandet. Frå Nord-Noreg, Agder og Møre starta utvandringa mykje seinare.

Det verkar heilt klart at eit etablert og tradisjonsrikt flyttemønster mellom by og omland svekte utvandringa. Omvendt finn vi at grisgrendte fjord- og fjellbygder tidleg hadde svært høge utvandringstal. Det tyder på at økonomiske og materielle årsaksfaktorar langt frå har vore einerådande, og slett ikkje i startfasen.

Fleire menn enn kvinner drog

Heile tida var det fleire menn enn kvinner som reiste. Mannsoverskotet var særleg høgt når fleire utvandra. Lokale studiar, mellom anna frå Dovre, syner klart at det var mennene som tok initiativet, og som reiste først. Den velkjende utvandrarfamilien var derfor oftast den gifte kona som drog med borna sine, og som følgde i fotspora til mann og slektningar. Dei ugifte kvinnene, derimot, flytta helst til norske byar, mellom anna fordi arbeidsmarknaden i Amerika var meir mannsprega.

I dei seinare fasane steig kvinneutvandringa noko, særleg når det gjeld utvandringa frå byane. Mellom 1893 og 1894 var nesten 40 prosent av utvandrarane frå Kristiania tenestejenter i alderen 15–29 år. Det er sannsynleg at mange av dei først kom frå bygdene til byen.

Utvandringa lokka ein stadig større del av ugifte og yngre menneske. Uttappinga av store grupper arbeidsfør ungdom gjorde eit djupt inntrykk på samtida.

Kvifor drog dei?

Den norske Amerikalinje, Oslo.
Frå Den norske Amerikalinjes (NAL) terminal på Vippetangen i Oslo, truleg i 1920-åra. NAL blei grunnlagt i 1910.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Det var langt frå alle som drog med ei fatalistisk innstilling. Sosial oppdriftstrong og sosialt opprør var opplagde utvandringsmotiv. Mange tykte at tilhøva heime var for tronge. Det gamle skygde for det nye. Amerikabreva nærte opp under draumen om friare forhold og eit betre liv ein annan stad.

I åra mellom 1866 og 1910 reiste godt over 60 prosent av folkeoverskotet frå Noreg. Dette hadde svære demografiske konsekvensar for dei som vart verande att. Utvandringa til Amerika førte til at Noreg fekk eit pusterom og dermed betre kunne tilpasse seg dei svære omskifta i folkesetnaden. Det er mot denne bakgrunnen vi kan seie at utvandringa var ein demografisk sikringsventil.

Framfor alt var likevel Amerika eit forlokkande alternativ til utsiktene i gamlelandet. Mange må ha vurdert alternativa i eit langtidsperspektiv, der omtanke for born og framtid var avgjerande. Byen var rett nok ein utveg. Men framfor å tilpasse seg eit urbant livsmønster valde mange å halde fram med den agrare livsstilen ein annan stad, der det i alle fall var jord nok. Slik sett kan vi hevde at dei første utvandrarane hadde ein tanke om å ta gamle Noreg på slep etter seg. Dei gav ikkje utan vidare opp tanken om ei agrar livsform, tufta på norske verdiar og livsformer. Og dei tok tanken med seg til Amerika.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg