Unnie

Unnie er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Unni som er eit nyare nordisk namn. Det har Unn- som forledd, og dette forleddet kan setjast i samanheng med norrønt unna som tyder ‘elske’. Etterleddet kan opphavleg ha vore -ny som tyder ‘ny’.

Namnet har fleire variantar: Unny, Uni, Unni, Unnie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Unnie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg