Faktaboks

Unn Conradi Andersen
Fødd
1972, Ulsteinvik

Unn Conradi Andersen er sosiolog og har arbeidd som journalist.

Ho er no forskar ved Westerdals (Høyskolen Kristiania). Ho har interessert seg for kvinnelege forfattar i media og skreiv masteroppgåve om Marie Takvam og Vigdis Hjorts «lagnad» i mediesamfunnet. Det kan sjå ut som forholdet mellom det offentlege og det private blir annleis for kvinner enn for menn. Lesinga av Takvam har vore prega av det.

I 2017 debuterte Conradi Andersen sjølv som romanforfattar med Alt uavklart. Der framstiller ho to historier som er knytte saman gjennom generasjonane. Den eine handlar om ein bestefar som var på feil side under andre verdskrigen, og om korleis familien stort sett har vore tause om det. Den andre handlar om kjønn og legning der barnebarnet må velja om ho skal teia om det som blir opplevd som tabuisert, eller om ho skal velja ein annan strategi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg