Faktaboks

Une Bastholm

Une Aina Bastholm

Fødd
14. januar 1986, Trondheim, Trøndelag
Levetidskommentar
Oppvaksen i Trondheim og Bodø
Une Aina Bastholm
Une Aina Bastholm
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Une Bastholm er statsvitar, politikar og stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) frå Oslo i 2017–2021 og Akershus sidan 2021. I 2020 vart Bastholm vald til leiar i MDG. Ho trakk seg som partileiar i august 2022 av familiære årsaker.

Bakgrunn

Une Aina Bastholm er fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag) og er oppvaksen i Trondheim og i Bodø i Nordland. Ho tok vidaregåande skule i 2002–2005, har bachelorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo og Potsdam i Tyskland (2009), og mastergrad i internasjonal politikk frå Aberystwyth University i Wales (2010). Bastholm dreiv den berekraftige daglegvarebutikken Etikken i Trondheim i 2010–2011, var tilsett i Dyrevernalliansen i 2011–2012 og i Naturvernforbundet i 2012–2013.

Politisk karriere

Verv i partiet

Ho var først politisk aktiv som styremedlem i Trondheim AUF og Bodø AUF i 2000–2004. Ho melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne i 2010 og var medlem av styret til MDG i Trondheim i 2011. Bastholm var medlem av sentralstyret i MDG i 2012–2013 og fylkesleiar for partiet i Oslo i 2013–2014. Frå 2016 til 2020 var ho nasjonal talsperson for MDG saman med Rasmus Hansson (2016–2018) og Arild Hermstad (2018–2020). På landsmøtet i 2019 avvikla MDG ordninga med to nasjonale talspersonar, og på det digitale landsmøtet i april 2020 vart Bastholm vald til partileiar.

Stortinget

Bastholm var politisk rådgivar for Miljøpartiet Dei Grøne på Stortinget i 2013–2016. Ho var vararepresentant til Stortinget for MDG frå Oslo i 2013–2017 og vart innvald som stortingsrepresentant for MDG frå Oslo i 2017–2021. I denne perioden var ho einaste innvalde stortingsrepresentant for MDG. Basthold leidde partiet første gong ved stortingsvalet 2021. Valet vart ein stor skuffelse for partiet då MDG fekk 3,94 prosent og ikkje nådde over sperregrensa på fire prosent. Sidan 2021 er ho stortingsrepresentant for MDG frå Akershus. Ho er leiar i gruppestyret for MDG på Stortinget for 2021–2025.

Politisk standpunkt

Bastholm har hatt spalte i avisa Nationen, og ho vil mellom anna at MDG skal bli det leiande partiet i Noreg når det gjeld berekraftig landbruk. Ho er dessutan oppteken av dyrevelferd og å redusere det materielle forbruket. Ho vil bruke teknologi til å nytte ressursane betre og meir berekraftig. Bastholm er òg oppteken av flyktningpolitikk og internasjonal solidaritet.

Andre verv

Bastholm har mellom anna vore styremedlem i Press i Trondheim (Redd Barna sin ungdomsorganisasjon) i 2003–2005, leiar av Press i Oslo i 2006–2007 og medlem av sentralstyret i organisasjonen i 2008–2009. Ho var styremedlem i Framtiden i våre hender i Trondheim i 2011 og i Minding Animals Noreg i 2012–2014.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg