Undis er eit nylaga kvinnenamn namn (1897). Etterleddet er -dis som i Tordis. Forleddet Un- går tilbake til kvinnenamnet Unn.

Stavemåten Undis – i staden for Unndis – kan sjåast på som eit resultat av den ortografiske regelen om forenkling av dobbeltkonsonant, til dømes brente, ikkje *brennte, av verbet brenne.

Namnet har fleire variantar: Undis, Unndis.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Undis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg