Ulstein verft
Ulstein verft. Av /Wikimedia Commons. CC BY 4.0

Ulstein

Faktaboks

Landareal
95 km²
Innbyggertall
8557 (2022)
Administrasjonssenter
Ulsteinvik
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggernavn
ulsteining
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1516
Høyeste fjell
Blåtind (698 moh.)

Kommunevåpen

Ulstein

Ulstein. Frå Høgåsen mot Osneset og Ulstein. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Ulstein er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke, sørvest for Ålesund. Ulstein omfattar den vestlege halvdelen av øya Hareidlandet, Dimnøy (Dimna) i den tronge og uoversiktlege fjordstrekninga mellom Hareidlandet og Gurskøya, øya Eika sør for Hareidlandet og nokre mindre øyar i vest.

Ulstein kommune blei oppretta som kommune ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Frå kommunen blei Vartdal skilt ut 1895, likeins blei Hareid skilt ut i 1917. Etter utskiljinga i 1917 var Ulstein 88 kvadratkilometer og hadde 2336 innbyggjarar. Ulstein fekk dei noverande grensene i 1964, då Eiksund-området lengst sør på Hareidlandet og øya Eika blei overført frå Herøy.

Ulsteinvik har etter vedtak i Ulstein kommunestyre bystatus frå år 2000.

Natur

Berggrunnen i Ulstein er av grunnfjellsalder, men er noko omdanna i kaledonsk tid. Den dominerande bergarten er gneis. Det finst nokre avgrensa område med rike førekomstar av djupbergarten eklogitt, mellom anna i Ulsteinvik og på Dimnøy.

Landskapet er myrlendt langs kysten og i enkelte dalar og har avrunda fjell med toppar opp til 500–700 meter over havet i austre delar av kommunen. Den høgaste toppen er Blåtinden (697 meter over havet), som ligg i den søre delen av kommunen. Grasøyane i Rundafjorden lengst nord i kommunen er freda på grunn av fuglelivet.

Busetjing

Vel 79 prosent av innbyggjarane i Ulstein bur i tettstader, det vil seie i administrasjonssenteret Ulsteinvik på vestsida av Hareidlandet og i Ulsteins del av Dragsund tettstad. Til samanlikning er tettstadsdelen i heile fylket 71 prosent. Utanom tettstadene finn ein det meste av busetjinga i kommunen langs strendene, særleg på vestsida av Hareidlandet, ved Eiksundet i sør og på Dimnøy.

Ulstein har hatt ein kontinuerleg og relativt sterk vekst i folketalet gjennom heile etterkrigstida. I tiårsperioden 2007–2017 auka folketalet med gjennomsnittleg 2,1 prosent årleg, mot 0,8 prosent i fylket samla sett.

Næringsliv

Jordbruksarealet er lite og bruka er relativt små. Fisket har tidlegare vore viktig for næringslivet i kommunen, men er sterkt redusert. Dette viser igjen i at primærnæringane stod for berre éin prosent av arbeidsplassane i Ulstein i 2016, mot fire prosent i fylket samla sett.

Industrien er ei dominerande næring i Ulstein med 33 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 41 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016). Den klart viktigaste industribransjen er verkstadindustrien, i hovudsak bygging av skip og boreoljeplattformer, maskin- og metallvareindustri (2015), som sysselsette heile 97 prosent av dei industritilsette i kommunen. I denne samanhengen er Ulstein Verft, Kleven Verft og Rolls-Royce Marine AS i Ulsteinvik hjørnesteinsbedrifter. Verftsindustrien voks fram på starten av 1900-talet saman med omlegginga til damp- og motordrift av fiskeflåten.

Avisa Vikebladet Vestposten kjem ut tre gonger i veka i Ulsteinvik.

Av dei yrkesaktive som er busette i Ulstein, har 33 prosent arbeid utanfor kommunen. I alt 17 prosent arbeider i dei tre nabokommunane Hareid, Herøy og Sande, fem prosent i Ålesund og fire prosent i Ørsta/Volda (2016).

Samferdsle

Fylkesveg 61 går nordvestover frå Ulsteinvik over Hareidlandet til Hareid. Herfrå går det ferjesamband til Sula, der det er 26 kilometer vidare til Ålesund, og her er snøggbåtsamband direkte til Ålesund. Frå Ulsteinvik fører fylkesveg 61 sørvestover med bru over Dragsundet til Gurskøya og via bilferjesamband Årvika–Koparneset sørover til riksveg 15 ved Bryggja i Nordfjord. Frå Hasund sør for Ulsteinvik går det bru til Dimnøy.

Eiksundsambandet (fylkesveg 653) blei opna 2008 og gir Ulstein fastlandssamband og tilknyting til E39 i Hovdebygda mellom Ørsta og Volda.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Ulsteinvik ligg Sunnmøre folkehøgskule og Ulstein vidaregåande skule.

Ulstein høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd saman med Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.

Ulstein kommune svarer til soknet Ulstein i Søre Sunnmøre prosti (Møre bispedøme) i Den norske kyrkja. Ulstein kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1849 med rosemåla interiør. Oshaugen på Osnes ved Ulsteinvik er ein av dei største gravhaugane på Vestlandet.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Ulstein til Søndmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Ulstein

For statistiske føremål er Ulstein kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 17 grunnkrinsar:

  • Ytre Ulstein: Flø, Hatløy, Ulstein, Skeide, Osnes nedre, Ulsteinvik, Hofset, Holsekre nedre, Holsekre øvre - Hofsetmarka, Osnes øvre, Saunes
  • Indre Ulstein: Dimna, Sundgot, Hasund, Garnes, Haddal, Eiksund

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har ein bjelke i gull danna ved ulvetannsnitt mot ein blå bakgrunn. Dette illustrerer kommunenamnet.

Namnet kjem av norrønt Ulfsteinn, opphavleg fjellnamn med siste ledd ‘stein’. Det første leddet er anten dyrenamnet ulv eller eit elvenamn, Ulva, avleidd av fjellnamnet. Det kan sikte til Ulsteinhetta, eit fjell (323 meter over havet) nord for Ulstein gard.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bjåstad, Ingvar & Asbjørn Waage: Soga om Hareid og Ulstein, 1970–87, 7 b. (f.o.m. b. 3 med tittel: Bygdebok for Ulstein og Hareid), Finn boken
  • Ulstein i hundre : Kyrkjegata – Vikemyra, utviklinga langs den første gatestrukturen i Ulsteinvik : dokumentasjon av kulturverdiar, 2005, isbn 82-997125-0-5, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg