Ulrik er eit mannsnamn som kjem av gammalhøgtysk Uodal-rich. Forleddet tyder ‘arvegods’ og etterleddet ‘mektig; herskar’. Forleddet svarer til det norske odel.

Namnet har fleire variantar: Ulrich, Ulrick, Ulrik.

Namnedag er 4. juli. Ulla har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ulrik

Eit utval personar med namnet Ulrik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 490 menn i Noreg som hadde Ulrik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 230 gutar som fekk namnet Ulrik, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Det tyske Ulrik fekk eit sterkt oppsving på slutten av 1900-talet og var på topp etter 2015. Dette er mykje seinare enn toppfasen for dei fleste tyske namna (1860–1874).

Utvikling i bruk av namnet Ulrik frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ulrik frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ulrik på 1800-talet.

Ulrik var mest brukt i Sør-Trøndelag og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ulrik på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ulrik var mest brukt i Sør-Trøndelag og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ulrich.)

Historisk bruk av namnet Ulrik
Historisk bruk av namnet Ulrik
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg