Faktaboks

Tysnes
Offisielt namn
BLADET TYSNES AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Tysnes
Dagleg leiar
Øyvind Bjerkestrand
Styreleiar
Elisabeth Seim
Logo
Logo
Av .

Tysnes er ei lokalavis i Tysnes som har kontor på Våge, men vert trykt i bladet Sunnhordland. Avisa kjem ut på papir ein gong i veka, og elles som nettavis. Tysnes er eigd av Bladet Tysnes AS der abonnentane sjølv utgjer hovudgruppa. Tysnes er ei av avisene i Noreg som har størst opplagstal i høve til husstandar. Om lag halvparten av papiropplaget går til husstandar utanfor kommunen.

Øyvind Bjerkestrand er ansvarleg redaktør.

Historie

Det var ein varsam start for avisa Tysnes som kom ut første gong i 1953, men som etter kvart har fått ein sterk posisjon i lokalsamfunnet.

Tysnes var ei av dei store utvandringsbygdene i tidlegare Hordaland, der mange busette seg i Midtvesten i USA. Dette prega bladet Tysnes. Ein av initiativtakarane var Nils Haaland, som hadde fått ideen til avisa i løpet av si tid i Amerika. Avisa skulle vere eit bindeledd mellom heimkommunen og dei som drog til Amerika.

To år tidlegare hadde nabokommunen Kvinnherad fått eiga lokalavis, Grenda, som kom ut i Rosendal, og som hadde eige prenteverk. Dette inspirerte folk på Tysnes, som i mai 1953 sende ut innbyding til eit møte der ein skulle drøfte avisspørsmålet. 21 sa seg interesserte alt på dette møtet, og med trykking i Rosendal kom det første nummeret av avisa Tysnes ut 4. juli same året.

I den første tida skulle avisa kome ut med to nummer i månaden, og årspengane skulle vere 10 kroner. Det var også semje om utgivaren skulle vere eit bladlag, sidan stiftarane meinte det var for vanskeleg å skipe eit lutlag for oppgåva. Tysnes fekk ein eineståande posisjon som feriestad etter 1960, med meir enn 1400 fritidshus på Tysnes, ein stor del bygde av bergensarar. Hyttefolket i øykommunen gir dermed eit fint tilskot til opplaget.

Bonde, forfattar, lokalpolitikar og kulturarbeidar Johannes Heggland var med frå starten og teikna logoen til avisa. Det var han som skreiv referatet frå det første avismøtet, og sidan skreiv han mykje for Tysnes. Ole Skaten kom til avisa som den første heildags tilsette i 1979, då den dugnadsdrivne avisa gjekk over frå éi utgåve annakvar veke til å bli ei vekeavis. Skaten arbeidde seinare nokre år som typograf i avisa Sunnhordland, før han i 1986 vart redaktør i Tysnes.

Opplag

Opplagstall for Tysnes, 1986-2022

1986 1948
1988 2104
1990 2080
1991 2080
1992 2080
1993 2258
1994 2291
1995 2304
1996 2272
1997 2346
1998 2372
1999 2392
2000 2359
2001 2364
2002 2363
2003 2377
2004 2408
2005 2412
2006 2445
2007 2475
2008 2511
2009 2446
2010 2456
2011 2419
2012 2344
2013 2365
2014 2323
2015 2259
2016 2198
2017 2175
2018 2164
2019 2138
2020 2125
2021 2118
2022 2087
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1986 1948
1992 2258
2008 2511
2018 2164
2019 2138
2020 2125
2021 2118
2022 2087
2023 2033

Fakta

  • Fyrste nr. 4. juli 1953

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Tysnes
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg