Tyskland, aviser

Eit utval av nokre av dei største tyske dagsavisene: vekeavisa Die Zeit og dei tre vekemagasina Stern, Der Spiegel og Focus. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

I Tyskland er radio og tv mest nytta av dei tradisjonelle media. Ni av ti tyskarar har tilgang til internett. Landet har eit mangfald av aviser og tidsskrift. Eit fåtals mediekonsern har dominerande marknadsmakt. Tysk presse har lovfesta pressefridom, men gjengivingar av hakekors og ytringar som støttar nazismen er forbode ved lov.

Det finnast eit stort antal aviser og tv-selskap, men størsteparten av pressa er regional. Tv drivast for ein stor del på delstatsnivå. Etter at det offentlege kringkastingsmonopolet vart oppheva i 1984, har private radio- og tv-kanaler erobra eit stort publikum.

Mediebruken er i snitt elleve timar om dagen.

Radio og fjernsyn

Delstatane har eigne kringkastingsselskap, men samarbeider gjennom den fellesstatlege kanalen ARD. Ei underavdeling av ARD, Deutsche Welle, har radiosendingar på eit trettitals språk.

Dei offentlege kringkastarane er politisk uavhengige, med lovfesta plikt til å bidra til den offentlege samtalen med nyhende og objektiv informasjon. Lisensbetaling sikrar det økonomiske sjølvstendet.

Etter ei lovendring i 1984 fekk private kringkastingsselskap sleppe til. Dei finansierer drifta i hovudsak gjennom reklameinntekter.

Ei kartlegging av medievanar i åra 2014–2021 slår fast at radio og tv held stand som det mest nytta mediet i Tyskland, og at dei offentlege kanalane vert oppfatta som meir truverdige enn dei private. På ein gjennomsnittsdag trekkjer ARD si kveldsnyttsending oppimot ti millionar sjåarar.

Aviser og tidsskrift

I Tyskland vert det gitt ut ei rekkje aviser, dei fleste regions- og lokalaviser. I tillegg vert det publisert tyskspråklege aviser utanom Europa.

Av dei landsdekkjande avisene har Bild eit opplag på over ein million, dei nest største, Zeit og Frankfurter Allgemeine Zeitung har mellom 200 000 og 300 000. Resten av avisene har opplag under 100 000. Nesten 40 millionar tyskarar oppgir å vere regelmessige avislesarar, og stadig fleire les avisene på nett. Sidan 1990 er opplaget for aviser halvert, og det er færre aviser å velje mellom.

Kvar veke les millionar av tyskarar eitt eller fleire tidsskrift. Dei mest populære er vekeblada med tv-program. Blant dei politisk orienterte magasina ruvar Spiegel, som heilt sidan 1970-åra har seld opp mot ein million eksemplar. Opplaget til det nest største magasinet, Stern, minka med nesten 75 prosent frå 1995 til 2020.

Bøker

Ulikt avislesarane kjøper boklesarane helst trykte bøker, berre kvar femte les e-bøker. I aldersgruppa 16–29 år lyttar stadig fleire til lydbøker.

Av dei over 1500 uavhengige bokforlaga står dei 40 største for 80 prosent av omsetnaden. Bøker vert i hovudsak omsatt frå engelsk. Norske forfattarar er synlege i den tyske bokverda. Fleire bøker vert omsett frå norsk til tysk enn frå tysk til norsk.

Mediemakt og pressefridom

På 1980-talet byrja tyske bokhandlarar å slå seg saman i kjeder, forlag fusjonerte og aviser gjekk saman i avishus. Formålet var å oppnå stordriftsfordelar.

På 2000-talet har nye medievanar, synkande annonseinntekter og konkurranse om lesarar, sjåarar og lyttarar drive medieaktørar saman i stadig mektigare mediebedrifter. Formålet er å sikre seg marknadsmakt.

Kapitalsterke selskap kjøper opp andre media og samlar produksjonsledda under same eigarskap. Strategien har ført til at tyske media er dominert av eit fåtal mediekonsern, som eig både avishus, filmstudio og kringkastingsstasjonar. Med internett si utbreiing på 2000-talet gjeld konkurransen om marknadsmakt også for digitale media. Dei mektigaste mediekonserna målt etter omsetnad er Axel Springer SE, Funke Mediengruppe og Bertelsmann AG.

Mange er uroa for at mediekonsentrasjonen svekkjer meiningsmangfaldet og den offentlege samtalen. I Reportarar utan grenser si årlege rangering av pressefridom i verda hamna Tyskland i 2022 på 16. plass, ein tilbakegang frå god til tilfredsstillande. I grunngivinga vert det vist til at den konsentrerte mediemakta er uheldig for pressefridomen.

Historie

Presse

Starten på den tyske pressehistoria var flygeblada; den første avisa, Leipziger Zeitung, kom i 1660. Gjennom 1700- og 1800-talet voks pressa langsamt fram, heilt til omkring 1800 berre som offisielle meldings- og annonseblad. Pressa var då av lita nyheitsmessig og politisk betydning, og underlagt sensur. Frå denne perioden stammar Hamburgischer Correspondent (1714), Berlin-avisa Vossische Zeitung (namn frå 1751, først som undertittel) og Augsburgische Allgemeine Zeitung (1798).

Fridomskampane etter 1800 gav støyten til livlegare journalistikk; i 1814 vart Rheinischer Merkur grunnlagt i Koblenz, i 1837 Deutsche Allgemeine Zeitung i Leipzig, og i revolusjonsåret 1848 Münchner neueste Nachrichten. Styresmaktene undertrykte framleis politiske meiningsytringar, og perioda under «jernkanslaren» Otto von Bismarck var prega av streng sensur; avisene inneheldt lite politisk stoff. To offentlege pressekontor leverte det meste av «opinions»-stoffet til fleire hundre lokale småaviser. I 1872 grunnla Rudolf Mosse avisa Berliner Tageblatt, som under Theodor Wolffs redaksjon (1906–1933) vart ei av Europas mest innverknadsrike aviser.

Med frambrotet til sosialismen og den skjerpa politiske kampen vart pressa meir differensiert. Enkelte aviser frå åra før første verdskrigen spelte ei stor rolle i historia til den frisinna og uavhengige pressa, mellom anna Frankfurter Zeitung, Berliner Tageblatt, Hamburger Fremdenblatt, Deutsche Allgemeine Zeitung og Kölnische Zeitung. I mellomkrigstida kom mange anerkjende aviser under innverknad av finanskrinsar og ytterleggåande politiske parti. Viktige aviser var Berliner Börsenzeitung (organ for dei tysknasjonale), Vossische Zeitung (liberal), Berliner Morgenpost (venstreorientert), Vorwärts (sosialistisk) og Rote Fahne (kommunistisk). Deutsche Allgemeine Zeitung vart då kontrollert av regjeringa.

Adolf Hitler tok over makta i 1933 forsvann all pressefridom. Ei rekkje kjende aviser gjekk inn eller vart stansa, nokre heldt fram som talerøyr for regimet. Hovudorgan for det nasjonalsosialistiske partiet NSDAP var frå 1920 Völkischer Beobachter, som kom ut i München og Berlin, frå 1938 også i Wien. Wolffs nyheitsbyrå vart i 1934 erstatta av Deutsches Nachrichtenbüro. Under andre verdskrigen gjekk mange aviser etter kvart inn, og dei resterande forsvann ved samanbrotet i 1945.

I åra 1945–1949, då Tyskland etter krigstapet var okkupert av dei allierte, kunne aviser berre givast ut med lisens frå okkupasjonsmaktene, men allereie i denne perioden vart det starta fleire aviser som fekk stor utbreiing. I 1949 vart Tyskland delt i Aust-Tyskland (DDR) og Vest-Tyskland. I Vest-Tyskland starta dei nasjonale kvalitetsavisene alle opp i denne perioden, som Frankfurter Allgemeine Zeitung (grunnlagt i 1949), Die Welt (grunnlagt i 1946) og Süddeutsche Zeitung (grunnlagt i 1945).

Utviklinga i vesttysk presse gjekk i retning av ein stadig sterkare konsentrasjon. Den som førte an i denne utviklinga var den tyske pressebaronen Axel Springer. I 1968 vedtok ein statleg kommisjon reglar for kor stor del av marknaden ei enkelt utgivargruppe fekk lov til å kontrollere. På det tidspunktet eigde Springar-gruppa 39 prosent av dagsavisene og 17,5 prosent av vekeblada.

I Aust-Tyskland var pressa kontrollert av dei kommunistiske styresmaktene og politisk einsretta. Den dominerande avisa var Neues Deutschland, Berlin, som var hovudorgan for Det sosialistiske einingspartiet SED (kommunistpartiet). Avisa kom ut etter den tyske gjenforeininga i 1990 som «sosialistisk dagsavis», nært knytt til partiet PDs. Ei av dei tidlegare austtyske avisene som har klart seg best, er Berliner Zeitung, som i 1990 vart overteke av vestlege interesser og fullstendig omlagt.

Fjernsyn

Tyskland var det første landet i verda til å starte faste fjernsynssendingar, i 1935. Den tyske fjernsynsskrinkastaren (Deutsche Fernseh-Rundfunk) var offentleg eigd, og sende berre i Berlin-området. Sendingane varte i 90 minutt tre gonger i veka, mellom 1935 og 1944. Sidan det fanst svært få privateigde fjernsynsapparat vart sendingane for det meste sett i såkalla Fernseh-stuben, offentlege tv-sjåar-rom.

Etter andre verdskrigen starta fjernsynskanalar først opp igjen i 1952. Frå 1953 hadde dei offentleg eigde kringkastarane i Vest-Tyskland einerett til å sende radio- og tv-program.

Aust-Tyskland hadde fem landsdekkjande radiokanalar; av desse var ein for ungdom, ein for kultur og ein som retta seg mot tysktalande utanfor DDR. Fram til gjenforeininga i 1990 var radio- og tv-sendingane under statleg kontroll. DDRs kringkastingsverksemd var einsretta og propagandapreget. Rundt 80 prosent av befolkninga budde likevel i område som tok inn vesttysk fjernsyn, og ikkje minst nyheitssendingane frå vest var populære, då informasjonsverdien av nyheitssendingane til dei kommunistiske styresmaktene ofte var liten.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Krüger, Uwe (2016): Mainstream. Warum wir den Medien nicht mehr trauen

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg