Tyra er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Thyra som er latinisert form av gammaldansk Thyr-wi. Forleddet er ein variant av Tor. Etterleddet har vorte tolka på to måtar: 1. Det går tilbake til eit verb som tyder ‘kjempe’ 2. Det svarer til -ve i mannsnamn og tyder prest. Det er også foreslått at det samansette namnet (Thyr-wi) som heilskap har hatt meiningsfull tyding: ‘Tors prestinne’.

Namnet har fleire variantar: Thyra, Tyra.

Namnedag er 9. september. Trygve og Trym har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Tyra

Kulturell bruk

  • Diktet «En broder i nød» (1863) av Henrik Ibsen opnar med «Nu flokker sig om Tyras borg». «Tyras borg» er eit poetisk namn på Danmark.

Kjende personar med namnet Tyra

Eit utval personar med namnet Tyra, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 452 kvinner i Noreg som hadde Tyra som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 jenter som fekk namnet Tyra.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Tyra frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tyra frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tyra på 1800-talet.

Tyra var mest brukt i Kristiania, Aust-Agder og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tyra på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tyra var mest brukt i Kristiania, Aust-Agder og Finnmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thyra.)

Historisk bruk av namnet Tyra
Historisk bruk av namnet Tyra
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sørensen, John Kousgård 1989: Om personnavne på -vi/-væ og den førkristne præstestand. [Danske studier].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg