Tuva er opphavleg er eit dansk kvinnenamn som sannsynlegvis går tilbake til gammaldansk Thor-fred. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet -fred svarer her til det norrøne -fríðr som tyder ‘vakker’.

Namnet har fleire variantar: Thuva, Tuva.

Namnedag er 2. november. Tove har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Tuva

Kulturell bruk

  • Barneboka «Tuva» (1996) av Greta Aune Jotun.

Kjende personar med namnet Tuva

Eit utval personar med namnet Tuva, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 103 kvinner i Noreg som hadde Tuva som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 139 jenter som fekk namnet Tuva, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Namneparet Tove – Tuva illustrerer eit interessant mønster: Tostava namn på -e, til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Silje, Tone og Wencke var på topp før namn på -a byrja å bli populære rundt år 2000. Tove var mest brukt 1955–1964, Tuva 2000-09. Sidan år 1900 har Tove vore over tre gongar så mykje brukt som Tuva.

Utvikling i bruk av namnet Tuva frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tuva frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg