Faktaboks

Tussa Kraft AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Hovdebygda
Dagleg leiar
Elling Andreas Dybdal
Styreleiar
Sindre Rotevatn
Tussa Kraft sin logo.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Tussa Kraft AS er eit energikonsern med hovudkontor i ØrstaSunnmøre. Til saman har konsernet om lag 200 medarbeidarar og ein omsetnad på 1048 millionar kroner (2018). Forutan i Ørsta har Tussa avdelingar i Herøy, Ålesund, Vanylven og Hornindal.

Dotterselskap

Konsernet har desse dotterselskapa:

  • Tussa Energi AS, som produserer elektrisk kraft; driv vasskraftverk og sel krafta på den nordiske kraftbørsen. Tussa Energi eig 22 kraftverk med ein samla produksjon i 2018 på 594 GWh.
  • Tussa Installasjon AS
  • Tussa IKT AS
  • Enøk-Senteret AS
  • Tussa-24 AS. Det siste er konsernet sitt sals- og marknadsselskap både for bedrifts- og privatmarknaden.

Deleigar

I tillegg eig Tussa 46 prosent av nettselskapet Mørenett AS, som har 62 000 kundar (2018) i 12 kommunar på Sunnmøre og delar av Nordfjord. Hovudkontoret for Mørenett ligg i Herøy, og selskapet har avdelingar i Ålesund, Ørsta, Vanylven og Norddal.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Tussa Kraft AS
Sektorkode
1520 Kommunalt eide aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
35.111 Produksjon av elektrisitet fra vannkraft

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg