Faktaboks

Turid Bakke Braut
Fødd
24. februar 1955, Stord

Turid Bakke Braut er ein allsidig norsk pianist og pedagog. Ho har gjort ein særleg innsats for songar med nynorsk tekst.

Etter utdanning ved Stord gymnas gjennomførte ho studium i klaver- og songpedagogikk ved Bergen Musikkonservatorium (1978). I klaver har ho òg eksamen frå Royal College of Music and Drama (1979) og diplomeksamen frå Noregs musikkhøgskole (1981).

Som utøvar debuterte ho i Universitetets aula i Oslo i 1976. Braut har vore solist med dei fleste norske symfoniorkestera, og har turnert nasjonalt og internasjonalt.

Som klaverpedagog og akkompagnatør har ho hatt stillingar ved fleire av musikkutdanningsinstitusjonane her i landet, som Noregs musikkhøgskole (1983–86) og Musikkonservatoriet i Trondheim (1990–2002). I dag underviser ho ved Griegakademiet i Bergen (frå 2002) og Kongshaug Musikkgymnas (frå 2000).

Braut har spesialisert seg på norsk musikk gjennom utgivingar av verka åt Edvard Grieg og Sverre Jordan, og gjennom samarbeid med komponistar som Harald Sæverud, Johan Kvandal og Olav Anton Thommessen. Tolkinga av songar og salmar med nynorsk tekst har òg vore ein sentral del av verksemda. Konsertprosjektet «Bøn for år 2000» var bygd over Alfred Hauges dikt, andre prosjekt har vore arrangerte i samarbeid med forfattarane Edvard Hoem og Magne Myhra.

Braut har motteke Rikskonsertane sitt lanseringsstipend for debutantar (1976), Rotarystipend (1978–79), Kunstfagstipend (1979–81) og Legat Olavsfestdagene (2000).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg