Turid

Artikkelstart

Turid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þúríðr av Þór-ríðr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘vakker’. Etterleddet -ríðr kjem av -fríðr.

Turid hadde i norrønt dei same ledda som det nylaga Torfrid.

Namnet har fleire variantar: Thurid, Turi, Turid.

Namnedag er 8. januar. Torfinn har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Turid

Eit utval personar med namnet Turid, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 13500 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Turid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg