Trude Teige

Faktaboks

Trude Teige

Trude Johanne Teige

Født
27. juni 1960, Herøy, Møre og Romsdal
Av /Aschehoug.
Trude Teige. Gjengitt med tillatelse fra Samlaget.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Trude Teige er ein norsk journalist, forfattar, omsetjar og tidlegare programleiar for TV2.

Bakgrunn

Trude Johanne Teige er fødd i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Ho er utdanna fagomsetjar i engelsk frå Agder distriktshøgskole (no Universitetet i Agder) i 1981–1984, samstundes som ho tok journalistutdanning i England i 1983. Teige arbeidde som salskoordinator i Bennex i Bergen i 1984–1985.

Journalistikk

Teige har fleire års journalisterfaring frå nærradioar i Kristiansand og Bergen og har vore redaktør av Radio Motor. Ho var journalist i Radio BT (Bergens Tidende) og NRK Møre og Romsdal 1986–1991. Teige har vore tilsett i TV2 sidan starten i 1992 og har arbeidd som politisk journalist, vaktsjef, nyhendeanker og har laga dokumentarprogram. Ho var programleiar for debattprogrammet Tabloid i 2008–2009 og hadde sitt eige program, talkshowet Trude, i 2010–2011.

Forfattarskapen

Ho debuterte som forfattar i 2002 med den historiske romanen Havet syng, og har i ettertid vorte omsett til nederlandsk. Oppfølgjaren Lene seg mot vinden kom ut i 2004. Handlinga er lagd til Herøy på 1800-talet, der hovudpersonen Kristiane, som er dotter til den avdøde losen, utfordrar mannssamfunnet. I 2003 kom kokeboka Matminne frå mors kjøkken, med oppskrifter frå heimtraktene hennar.

I 2009 kom den første kriminalromanen hennar, Noen vet, med Kajsa Coren som hovudfigur. Hovudpersonen er den maktkritiske og gravande TV-journalisten Kajsa Coren, og emna er politikk og tidlegare barneheimsbarn. I den neste boka, En hjelpende hånd (2010), lagar Coren ein dokumentar om eldreomsorg på ein sjukeheim. Ein massemordar er på ferde, men drapsmetoden vekker ikkje mistanke eller set spor.

I den tredje kriminalromanen hennar, Svik (2012), må Coren mellom anna avdekkje mørke løyndommar som går heilt tilbake til krigsåra i ei lita bygd på Sunnmøre. I Jenta som sluttet å snakke (2014) blir avdekt overgrep i fortida gjennom etterforskinga av fleire drap, der Coren og hennar skadeskotne ektemann, som er Kripos-etterforskar, blir utsett for stor fare.

Med romanen Mormor danset i regnet (2015) vende Teige tilbake til den historiske romanen, som ei kvinne som nøstar opp mormoras historie frå slutten av andre verdskrigen. Det handlar om løyndommar, fortielser og kjærleik i ei fortidshistorie som blir avgjerande i notida. Romanen er basert på faktiske hendingar.

Kajsa Coren er tilbake i Pasienten (2017) i ei sak med forgreninger tilbake til ei forsvinning som Coren dekte som journalist. Med sterke skildringar frå Dikemark sjukehus og skremmande psykiatriske eksperiment har dette vorte ein sterk roman om ei nær fortid som kastar skyggjer inn i vår eiga tid. I Aldri tilgi (2019) arbeider Coren med ein TV-dokumentar om #metoo i Noreg, og får så vel seksuelle overgrep som ei forsvinningssak og drap å etterforske.

Utmerkingar

I 2008 fekk Teige Kringkastingsprisen. Teige har vorte nominert til Bokhandlarprisen for fleire av bøkene sine, og Pasienten vart nominert til Rivertonprisen i 2017.

Bibliografi

  • Morfar pustet med havet (Roman, Aschehoug, 2021)
  • Aldri tilgi (Krim og spenning, Aschehoug, 2019)
  • Pasienten (Krim og spenning, Aschehoug, 2017)
  • Matminne. Frå morsk kjøkken (Aschehoug, 2016)
  • Mormor danset i regnet (Roman, Aschehoug, 2015)
  • Jenta som sluttet å snakke (Krim og spenning, Aschehoug, 2014)
  • Svik (Roman, Aschehoug, 2012)
  • En hjelpende hånd (Roman, Aschehoug, 2010)
  • Noen vet (Roman, Aschehoug, 2009)
  • Lene seg på vinden (Roman, Samlaget, 2004)
  • Matminne frå mors kjøkken (Samlaget, 2003)
  • Havet syng (Roman, Samlaget, 2002)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg