Artikkelstart
Trond Husebø er ein norsk dirigent og bratsjist.
Han er utdanna ved Noregs musikkhøgskole, der han i 1998–2002 tok cand.mag.-graden i instrumentalpedagogikk, med bratsj som hovudinstrument. Same staden hospiterte han ved direksjonsstudiet (2002–2003), før han i 2005 fullførte diplomeksamen i direksjon, med Ole Kristian Ruud som lærar.
Som dirigent har han leidd fleire av dei norske symfoniorkestera og korpsa, og han har stått i bresjen for det tsjekkiske Prague Film Orchestra ved innspelingar av norsk filmmusikk.
I perioden 2009–2011 var han engasjert som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester. I tillegg til å assistere sjefsdirigent Andrew Litton gjorde han fleire eigne produksjonar med ensemblet. Her arbeidde han med eit allsidig repertoar, frå eldre orkesterklassikarar til nyare musikk. I perioden som assistentdirigent synte han seg elles som ein lovande utøvar, med presisjon som eitt av varemerka sine. I 2018 debuterte han med Oslo-Filharmonien.
Husebø er òg å finne som bratsjist i ulike orkester og kammerensemble i Noreg.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.