Faktaboks

Trond Hellemo
Fødd
1940, Lenvik

Trond Hellemo er lærar og forfattar. Han er busett i Senjahopen. Han har skrive fleire barnebøker, men er mest kjend for salmar og songar på nynorsk og dialekt. Dette fekk han Blixprisen for i 2004. Eit utval av det han har gjort, med melodiar av Ivar Jarle Eliassen, kom ut i 2006 under tittelen No ror ei natt seg ut frå land.

Hellemo har også skrive fleire librettoar til kyrkjelege spel med bibelske tema særleg retta mot konfirmantar. Ein del av songtekstane hans står også i diktsamlinga Utanfor allfarveg. Det er eit tydeleg regionalt preg og eit nordnorsk landskap i det han skriv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg