Trond Flatebø

Faktaboks

Trond Flatebø

Trond Isaksen Flatebø eller Trond Isaksen Botnen.

Født
1713, Botnen i Fyksesundet i Hardanger
Død
1772

Artikkelstart

Trond Flatebø var ein felemakar frå Hardanger, og son av Isak Botnen.

Bakgrunn

Trond Isaksen Flatebø var fødd på garden Botnen inst i Fyksesundet, som i dag ligg i Kvam kommune i Vestland fylke. Trond var den eldste av sønene til Isak N. Botnen og den einaste som skal ha halde fram med faren si verksemd som felemakar. Namnet «Flatebø» tok han etter å ha flytta til nabogarden Flatabø i Botnagrend, som han dreiv parallelt med at han arbeidde som felemakar fram til 1762, då han flytta til Ytre Ålvik.

Instrumenta

Det er bevart 26 hardingfeler og ein fiolin etter Trond Flatebø. Dei fleste stammar frå perioden 1750–1765, medan den eldste er datert 1725. Kjelder hevdar at han skal ha produsert nærmare tusen instrument. Til liks med felene til faren hadde dei eit framifrå omdøme, og dei blei utbreidde over eit område som strekte seg frå Sunnfjord og Valdres i nord til Telemark og Numedal i sør. Flatebø tente gode pengar på felebygginga si, og då han døydde, hadde han ein av dei høgste formuaneVestlandet (1413 riksdalar).

Trondafelene har frå éin til seks understrenger, men det vanlegaste var fire overstrenger og fire understrenger. Der faren Isak gradvis utvikla større feler som nærma seg fiolinen i storleik, var utviklinga hos sonen Trond den motsette: Felene hans kan i storleik og form seiast å liggje nærmare eldre vestlandsfeler, til dømes Jaastadfela frå 1651, den eldste bevarte hardingfela vi har i dag. Når det gjeld felehovud har han i hovudsak følgt faren sin stil ved at eit stort fleirtal av felene har groteske hovud og skroll (snurr), medan eit mindretal har kvinnehovud.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Aksdal: Hardingfela – felemakerne og instrumentets utvikling. Trondheim 2009

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg