Faktaboks

Tron

Trondfjell, Tronden

Region
Innlandet
Høgd
1665
Den karakteristiske silhuetten av Tron er å sjå på lang lei ifrå mange sider.

Tron er eit kjegleforma fjell på grensa mellom Alvdal og Tynset kommunar i Nord-Østerdal, aust for Glomma mellom Tylldalen og hovuddalføret i Østerdalen; 1665 meter over havet. På sørsida ligg setergrenda Tronsvangene. Det går veg opp til toppen, han vart laga til for bygging og drift av hovudsendar for radio og fjernsyn.

Den indiske filosofen og diktaren Swami Sri Ananda Acharya (1883–1945) er gravlagd på toppen av Tron.

Namnet er ikkje sikkert forklart, men kan vere eit samantrekkingsnamn, av norrønt þróndr, «gris, gol», som viser til den runde forma til fjellet.

Kart

Tron
Tron
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg