Troms fylke

Troms

Av /KF-arkiv ※.
Troms fylke

Troms. I fiskeværet Gryllefjord på vestsida av Senja er dialekta eit e/a-mål (døme: å knuse ei flaska). Gryllefjord er eit viktig senter for fiskeindustrien. Fjellet Skipstind er ein i bakgrunnen. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Palatalisering
Palatalisering
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Tromsmålet utgjer ei grein av det store norske dialektområdet nordnorsk. Tromsmålet strekker seg frå grensa mot Nordland i sør til Loppa kommune i nord.

Både i Finnmark og Troms er det fleire eksempel på dialektkontakt mellom nordnorsk og dialekter frå Aust- og Vestlandet. Mest kjende «innflyttarmål» er dialektene i Målselv og Bardu i indre Troms. Innflyttarmål finn ein også i Signaldalen i Nord-Troms og i bygdene Kiby og Ekkerøy i Nord-Varanger.

I delar av Troms (som i Finnmark) er språkmiljøa fleire stader prega av fleirspråklegheit. I Troms gjeld det norsk i møte med samisk.

Det er ikkje skarpe skilje mellom dialektene i Finnmark og Troms. Dei fleste særdraga i talemåla går att i begge dei to områda, og det gjeld ofte særdrag som har grunnlaget sitt i nordnorsk talemål generelt.

Nord-Troms hadde (som Finnmark) samisk busetnad før norsktalande bønder og fiskarar slo seg ned her. Nokre bygder i Troms er tospråklege med samisk og norsk. Samisk har framleis ein viktig posisjon i somme bygder, særleg i Kåfjord og Lavangen. Stor finsk innvandring har det også vore til Nord-Troms. Spor av dette finn ein helst i Skibotn og Nordreisa.

Inndeling av tromsmålet

Ein kan gjera ei firedeling av dialektene i Troms:

Indretromsmålet er det mest spesielle. Dette dialektområdet er prega av stor innflytting frå Østerdalen og Gudbrandsdalen på slutten av 1700-talet.

Lydverk (fonologi)

Vokalar

Senking av dei korte vokalane i og y til e og ø er det mykje av i Troms: fesk, sekkert, vesst (visst), fløtte, sønge, trøkke. I Nord-Troms høyrer ein også senking av -e til -æ framfor palatal l og n, døme: fjællj (fjell), rænnje (renne).

På Senja, Rolla og Andørja kan ein høyra innskotsvokalen -e i adjektiva, døme: ein fin’e båt, ein stærk’e kar (denne vokalen er kalla svarbhaktivokal).

Felles for Finnmark og Troms er at diftongane ei, øy og au blir brukte i heile området: stein, røyk og laus.

Konsonantar

Troms fylke

Troms. Heilt sør i Troms ligg Harstad, Nord-Noregs tredje største by. Harstad har ei dialekt med særdraget e/a-mål (døme: å kjøpe seg ei kåfta). Bildet viser ein del av sentrum sett frå sjøsida. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Palatalisering av dentalar i trykkstaving rår i heile Troms, døme er: mannj, ballj, reddj, kvittj. Palataliseringa er heller sterk, og forutan ved nn, ll, tt og dd finst ho ved nt, nd og lt (kantj, saltj) (sjå kart).

I det meste av Troms brukar ein former som ikkje, mykje og stykkje. Unntak er Nord-Troms, som har same uttalen som den ein høyrer i Finnmark: ikke, mye og stykke eller støkke.

Retrofleks uttale av konsonantar er vanleg i Troms. Det gjeld i ord som til dømes ert, ferdig, barn og ærlig (r-en «smeltar saman med» den etterfølgjande konsonanten).

Konsonanten -r kan i Troms bli uttalt som ein «ustemd friksjonslyd» (ein høyrer friksjon for luftstraumen). Døme frå Tromsø: borsti (borti), parsk (park), mørsk (mørk) og kjerske (kyrkje).

Tonelag

I det meste av norsk talemål har me to tonelag (eller tonem 1 og tonem 2). Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2). I Nord-Troms, frå Lyngen og nordover (og i mykje av Finnmark) skil ein derimot ikkje mellom dei to tonelaga. Ein seier at desse dialektene ikkje har tonelagskontrast. Eit døme på eit ordpar frå Nord-Troms utan tonelagsforskjell er saga (hokjønn bestemt form) og saga (verb i preteritum).

Tonegang (høgtone og lågtone)

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Klarast kjem særtrekk i tonegangen fram i tonem 1-ord, som bønder, huset, sola, armen og så bortetter. Vestlandet og Nord-Noreg har i slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone (det finst variantar av denne høgtone-utforminga). Austlandet har her i dei nemnde orda låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Innflyttarmålet i Indre Troms (Bardu og Målselv) har austnorsk lågtone i tonem 1-orda.

Tonegangen (ordtonen) set også merke på setningsmelodien. Me kan med stor rett snakka om typisk nordnorsk høgtone og nordnorsk setningsmelodi. Særmerkt tonegang og setningsmelodi er med på å karakterisera mest alt nordnorsk.

Trykk

Importord (lånord) har i Troms (og i Finnmark) som regel trykk på siste stavinga: av’is, kul’tur, sta’sjon, universi’tet (som vestnorsk). Slik trykkplassering på siste stavinga vil ein også høyra i ord som bly’ant, mar’tyr og andre. Innafor fleirspråksområda er det språkbrukarar som legg trykk på forledda (prefiksa) i ord som ‘betale, ‘behøve, ‘fårklare, ‘gelender.

Restar av etterleddsaksent, som vil seia trykk på siste leddet i samansette ord, kan ein høyra lengst nord i Troms (Arnøya), døme: Mal’angen, Akkar’vika, ei olje’kannja (oljekanna), venstre’hannja (venstrehanda). Dette fenomenet er helst kjend mellom anna frå Nord-Gudbrandsdalen.

Formverk (morfologi)

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). Vest på Agder har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Denne tonegangen er vanleg i vestlandsk og nordnorsk. Aust på Agder har ein som på Austlandet låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.

E-/a-mål

A-mål er ei undergruppe av norske dialektar der infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -a: å vera, å kasta, ei veka, ei visa. Tilsvarande har e -mål endinga -e i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal. Nordtromsmålet er såleis eit e-mål. Her heiter det: æg ska kjøpe ei bokse og ho vil sønge ei vise. E-målet i Nord-Troms held fram i Indre Finnmark og finst også aust i Varanger-området.

Mellom midttromsmål og nordtromsmål går grensa mellom e-/a-målet i sør og e-målet i nord. I e-/a-målet vil infinitiv enda på -e, som å lese, å skrive, medan dei svake hokjønnsorda i ubestemt form eintal får endinga -a som ei visa, ei flaska.

Midttromsmålet er, som sørtromsmålet, eit e-/a-mål.

Sørtromsmålet har mykje til felles med dialektene i nordre Nordland. Både dei nordlege nordlandsmåla og sørtromsmålet er e-/a-mål, døme: æ(g) ska kjøpe ei boksa og ho vil sønge ei visa.

Substantiv

Bestemt form eintal av både sterke og svake hokjønnsord har i heile området endinga -a: sola, bygda (sterke) og visa, kveita (svake).

Substantiva har i ubestemt form fleirtal kasta r-en, og hankjønnsorda og hokjønnsorda har ulik ending: fleir båta mot fleir bygde. I bestemt form fleirtal er endinga -an i hankjønns- og inkjekjønnsorda: allj båtan og allj husan.

Ei lita gruppe hankjønns- og hokjønnsord har vokalskifte (omlyd) i fleirtal og også halden -r: fleir føt(t)er, fleir bøker, stor hennjer. Desse fleirtalsformene skil seg også ut ved at dei har tonem 1.

Verb

Dei svake verba har i Troms kasta r-en i presens: æ kjøpe, æ tænke. Verb av typen ta og (der infinitiv endar på rotvokalen) har -dd i partisippet: har tadd, har fådd, har jedd, har sedd, har slådd, har stådd.

Frå midt på Senja og sørover har a-verba a-ending i presens, medan det nord på øya er e-ending, sjå ovanfor om midttromsmål.

Midttromsmålet er elles prega av variasjon. Som døme kan ein nemna at tvers over Senja og gjennom Dyrøy og Salangen går grensa for endinga -a eller -e i presens av a- verb: han går å rusla (i sør) mot han går å rusle (i nord).

Dei sterke verba har kortformer og vokalskifte i presens: eg kjæm, eg fær (av fara), eg søv, eg græv.

Pronomen og adverb

Dei personlege pronomena kan i eintal veksla i Troms og i Finnmark. I 1. person eintal har kystmåla i Sør-Troms formene æ(g), mæ(g), i 2. person eintal du, dæ(g) og refleksivpronomenet sæ(g) som vanlege former. Om g-en er med eller ikkje, heng ofte saman med det trykket pronomenet har. Resten av Troms har til vanleg formene e(g), me(g) og de(g). Tromsmålet skil seg her frå finnmarksmålet, som har formene æ, mæ, dæ, sæ.

I 2. person fleirtal er formene dåkker og dåkkers vanlege. I 3. person fleirtal er forma dæm vanleg i det meste av Troms (og Finnmark), døme: borte va dæm, og borte blei dæm. Heilt sør i Troms er forma di som subjekt meir vanleg, men også forma dæm er i bruk her, særleg hos yngre språkbrukarar.

Tvers over Senja og gjennom Dyrøy og Salangen går skiljet mellom pronomenformene i 1. person eintal e eller eg på den eine sida (mot sør), og æ eller æg på den andre sida (mot nord).

No/nå

Sør i Troms (Kvæfjord, Harstad, Bjarkøy og Tranøy) brukar ein tidsadverbet nu, som nord i Nordland. I resten av Troms er forma no den vanlege (som i Finnmark).

Austnorsk innflyttarmål i indre Troms

På slutten av 1700-talet og langt inn på 1800-talet var det ein markant flyttestraum frå Sør-Noreg til dei tre nordnorske fylka. Gjennom denne innvandringa blei det danna fleire sørnorske språksamfunn i Nord-Noreg. Mest kjend er nok innvandringa frå Nord-Østerdalen og Nord-Gudbrandsdalen (og til dels frå Sør-Trøndelag) til bygdene Bardu og Målselv i indre Troms. I dag er talemålet i desse områda i indre Troms ein god del prega av det sørnorske opphavet, også kalla «dølamål».

Språklege særdrag i indretromsmålet

I innflyttarmåla i indre Troms finst det ein del språktrekk som skil desse måla frå nordnorsk generelt, det gjeld språktrekk med opphav i Østerdalen og Gudbrandsdalen. Eit slikt særtrekk i desse innflyttarmåla er at dei har lågtone i tonem 1-ord, slik det er i austnorsk og trøndersk (den trykksterke delen av tostava ord har lågaste tonen, i ord som døra og senga, og tonen stig mot slutten av ordet).

Desse innflyttarmåla i indre Troms har også det austnorske målmerket tjukk l i ord som soL, kLokke, bLy.

Innflyttarmåla i Bardu og Målselv hadde i utgangspunktet det austnorske (trønderske) kjennemerket kløyvd infinitiv, døme: å kåmmå, men å bite. For nokre tiår sidan kunne ein her i desse bygdene også høyra typiske trønderske jamvektsformer som å såvvå, ein hårrå, ein dråppå, ei hukku. I dag blir desse formene borte, og kløyvd infinitiv er også på vikande front, og då med overgang til reint e-mål: å kåmme, å være.

I motsetnad til nordnorsk held innflyttarmåla på r-ending i fleirtal av substantiv og i presens av svake verb: fleir båter, fleir viser og je/æi kjøper, je/æi kaster (pronomenet er je eller æi).

Nord-Østerdal har diftongforenkling av dei opphavlege diftongane ei, øy og au. Dette særdraget finn ein att i Bardu og Målselv, der stein blir uttalt sten, røyk blir røk og kraup blir krøp. Men former med diftong kjem i dag meir og meir inn frå områda ikring. Ein og same person kan i dag seia både sten og stein, løse og løyse.

Også pronomenformene skil seg frå dei ein finn i nordnorsk. Her i indre Troms heiter det i 1. person eintal je, som er ei vanleg austnorsk form. Men ein høyrer også pronomenforma æi (for eg) i desse bygdene, ei form som er den vanlege 1. personsforma i Østerdalen. I 2. person fleirtal er den austnorske forma dår vanleg, døme: æi så dår i byen (eg såg dykk i byen).

Nektingsadverbet ikkje har i desse bygdene som regel forma itte (som i austnorsk).

Situasjonen i dag for indretromsmålet

Dialektsituasjonen i indre Troms er i dag, 200 år etter innvandringa, meir prega av kontakt mellom dialekter frå Nord-Østerdalen og Nord-Gudbrandsdalen på den eine sida og generelt nordnorsk talemål på den andre. Dei austnorske dialektdraga i indre Troms høyrer ein i dag lettast hos den eldre generasjonen, og best held det sørnorske dølamålet seg i sidedalføra i indre Troms. Den nordnorske påverknaden på desse innflyttarmåla aukar i dag på dess lenger ein kjem ut mot kysten og dermed anna nordnorsk busetnad.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bull, Tove (1990): Målet i Finnmark og Troms.I: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 157–178).
  • Bull, Tove og Jetne, Kjellaug (red.) (1982): Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo: Det norske Samlaget.
  • Elstad, Kåre (1979): Målet i Troms. I: Evensberget, Snorre (red.): Bygd og by i Norge. Troms. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. (Side 297-316).
  • Elstad, Kåre (1982). Nordnorske dialektar. I: Bull, Tove og Jetne, Kjellaug (1982). (Side 9–100).
  • Jahr, Ernst Håkon og Skare, Olav (red.) (1996): Nordnorske dialektar. Oslo: Novus.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Troms- og finnmarksmål. I: Mæhlum, og Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (Side 113–115).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg