Trine Solberg byrja å kasta spyd då ho var tolv år gamal. I friidrettsgruppa i Ski Idrettslag var det eit godt kastmiljø. Venner og gode trenarar var med på å legge grunnlaget for ei varig interesse for spyd hjå den unge Trine. Som 15-åring debuterte ho som spydkastar for det norske friidrettslandslaget med siger i ein landskamp mellom Noreg, Sverige og Frankrike.
I 1983 byrja Trine Solberg for alvor å visa seg fram. Dette året vann ho sølvmedalje i junior-VM og tok sitt fyrste av i alt 15 senior-NM. I perioden 1981–2000 vann ho fem kongepokalar og sette tolv norske rekordar i spyd for kvinner, siste gong i 1993 med 72,12 m. Det vart gjeldande norsk rekord med den gamle spydtypen. Med ny spydtype kasta ho 1999 68,19 m, som då var verdas beste resultat. I toppåret 2000 forbetra ho verdsrekorden med det nye spydet to gonger, siste gong ved det årlege Bislett-stemnet, der ho heiv spydet 69,48 m.
Trine Hattestad har vore mykje skada i si lange karriere. Skadane har ikkje berre kome som resultat av spydkastinga. I mange år var ho aktiv handballspelar for Oppegård IL, noko som av og til gjekk hardt ut over armar og bein. Ho har hatt sju olbogeoperasjonar (spydskade) samt to kneoperasjonar og brot i begge armane (handballskader). I suksessåret 2000 var ho derimot skadefri, noko som sannsynlegvis var avgjerande for dei gode prestasjonane dette året.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.